80 millionar til trafikkinformasjon i 2010

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete vil bruke 80 millionar kroner til å betre trafikkinformasjonen i neste års statsbudsjett. Det avslørte ho på Lillestrøm stasjon måndag ettermiddag. 100 nye monitorar med informasjon om togtrafikken skal setjast opp no i haust, neste år vert det enda fleire.

Fv: Geir Huken i Jernbaneverket Drift aust, NSB-sjef Einar Enger, jernbanedirektør Elisabeth Enger og samferdselsminister Liv Signe Navarsete presenterte den nye planen for toginformasjon på Lillestrøm stasjon. <strong> Foto: Thor Erik Skarpen </strong>- God informasjon til togpassasjerane er ein av hovudpillarane i den nye satsinga på jernbane, sa samferdselsministeren da ho presenterte Jernbaneverkets og NSBs plan for å betre trafikkinformasjonen i åra som kjem. Den nye planen vart presentert på perrongen der jamvel jernbanedirektør Elisabeth Enger og NSB-sjef Einar Enger var til stades.

Geir Huken frå JBV Drift aust tele/el demonstrerte Jernbaneverkets nye monitorar med sanntidsinformasjon for statsråden. Deretter vart monitorane sette i drift ved at Navarsete sjølv trykte på dei naudsynte knappane.

- Vi set i drift 100 nye monitorar no i haust, seier Thor Erik Skarpen som har leidd arbeidet med planen for betre trafikkinformasjon. I første omgang er det strekningane på det sentrale Austlandet og Bergen – Voss som får nye informasjonsanlegg.

Fleire informasjonselement og informasjonstenester er ein del av planen. Noko av det viktigaste i planen er arbeidet med å betre trafikkdata som skal ut på informasjonselementa. I tillegg inneheld planen opplæringstiltak innan kundeservice og handsaming av driftsforstyrringar i togtrafikken, fortel Skarpen.

Med 80 millionar til trafikkinformasjon neste år, vert det eit monaleg løft i informasjonen om togtrafikken neste år.