-NTP skal gjennomførast, -uansett

- Regjeringa har lagt fram ein Nasjonal transportplan som me er heilt samde om skal gjennomførast uansett korleis konjunkturane blir, seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete til Jernbanemagasinet.

Samferdselsministerer Liv Signe Navarsete. (Foto: Øystein Grue) 
- Om det kjem ei anna regjering, trur eg òg det blir vanskeleg for dei å ikkje følgje opp, seier ho. Statsråden er mest stolt av å fått til eit breitt, politisk gjennomslag for å modernisere jernbana. - Me har greidd å få på plass ei utbygging av ein ny jernbane austover, nordover og vestover frå Oslo samstundes som me får bygd ein betre jernbane inn til dei andre store byane og ei mengd kryssingsspor for betre kapasitet og lettare avvikling av trafikken på dei andre strekningane. Når perioden er slutt, trur eg òg det vil liggje føre nye planar som berre vil forsterke det vi har starta med, seier Navarsete, og legg til:

- Slik sett trur eg jernbana går inn i ei ny tid, at vi har fått eit tidsskilje. Det er veldig moro å få vere med på. Eg skal innrømme det.

Aha-oppleving
- Kva tenkte du om standarden på jernbana da du starta opp som samferdsleminister hausten 2005?

- For å vere heilt ærleg trudde eg standarden var betre enn han viste seg å vere. Sett utanfrå gjekk det bra. Pilane pekte oppover både for passasjerar og gods. Men å oppdage kva standard det var på infrastrukturen, det var nok ei aha-oppleving.

Kunnskapen om korleis det verkeleg står til, blir no lagt tungt inn i dei årlege løyvingane i form av pengar til vedlikehald og fornying.

- Vi er nøydde til å ta det basale som utskifting av gamle sviller, signalanlegg og slikt på det eksisterande jernbanenettet først. Det hjelp ikkje med nye strekningar om vi ikkje får skikk på det basale, er den nøkterne oppsummeringa frå statsråden.

Eige høgfartsprosjekt
Navarsete ser på høgfartsbanar som ei særs spennande framtid. Eg har reist med høgfartstog i andre land og synest det er ein framifrå måte å reise på. Men eg har funne det riktig i denne plana å ta det viktigaste først. Folk vil ikkje forstå det om me satsar tungt på nye strekningar utan å ha fått den jernbana vi har i dag, til å fungere først.

Når det er sagt, er ho snar med å vise til at dei utbyggingane som no skal skje ut frå Oslo innanfor IC-området, kan vere starten på høgfartsbanar. Men det er mange tilhøve som må diskuterast gjennom før ein kan gjere vedtak om å starte bygginga vidare.

- Slik eg kjenner jernbane-Noreg vil desse diskusjonane ta litt tid før me kan konkludere. Skal me bygge på dei eksisterande banane? Skal med bygge nytt med dobbeltspor? Kva skal vi gjere med dei banane vi har i dag? Det er mange slike spørsmål vi må få avklara.

- Dessutan blir vel utbygging av eit høgfartsnett vanskeleg å innpasse på eit ordinært statsbudsjett?

- Ja. Det er ei så stor oppgåve at det ikkje kan realiserast innanfor eit ordinært budsjett. Eg har sagt fleire gonger at viss me skal bygge eit høgfartsnett, må det bli eit eige prosjekt med eigen prioritet utanfor ordinære løyvingar til jernbanen, seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete til Jernbanemagasinet.