Verneplanen for kulturminne i jernbanen

Jernbaneverket arbeider med implementering av ein nasjonal verneplan for kulturminne i jernbanen (NVP). Dette skjer i lag med Riksantikvaren og aktuelle fylkeskommunar.

Jernbanemiljø ved Stryken på Gjøvikbanen, Foto: Njål SvingheimPå grunn av det store omfanget oppgåva har, vil det ta tid å få utarbeidd ein komplett verneplan over alle jernbaneminna i landet. Jernbaneverket har derfor tilrådd overfor Riksantikvaren at NVP vert presentert gjennom fleire, tematiske delplanar som kan utarbeidast og gjevast ut over tid. Dette vil også gjere verneplanen lettare tilgjengeleg og betre eigna for bruk. Målet er at implementering i form av planvedtak, utarbeiding av vedlikehaldsplanar og økonomiske budsjett skal gå føre seg parallelt med at planen vert utarbeidd. Grunnlaget for Jernbaneverket sin verneplan vart sendt på høyring i 2004-05. Jernbaneverket har i perioden mai 2004 - oktober 2005 motteke rundt 100 merknader og innspel til høyringsdokumenta for "Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen".

Førebels verneplan


Ein førebels verneplan i form av ei status- og tiltaksliste er utarbeida og skal gjelde inntil endeleg plan er godkjent av Riksantikvaren. Denne skal danne grunnlaget for Jernbaneverket sitt vidare arbeid med å ta vare på jernbanen sin kulturarv – i eigen verksemd og med oppfølging mot eksterne styresmakter. Lista er i kortform for enkel til å gjeve eit oversyn over kva for verna og verneverdige banar, miljø og bygningar som er under vurdering for å gå inn i "Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen". Lista vil verte ajourført etter kvart som utgreiingar og prosessar som vert omtala, vert gjennomførte. Du vil alltid finne ei oppdatert liste i link til denne sida.

Utgjevingsprogram

Følgjande implementerings- og utgjevingsprogram er skissert for Riksantikvaren:

  • Delplan 1: Tidens Fuldkomneste Kommunikationsmiddel – ei innføring i jernbanen sin infrastruktur og tekniske utvikling i eit historisk perspektiv.
  • Delplan 2: På gamle spor og stiar - anleggsminne frå første generasjons baneanlegg.
  • Delplan 3: Dampande samferdselshistorie – museumsbanane, komplette baneanlegg med museal drift.
  • Delplan 4: Jernbanen sine stasjonar og stader – eksempel på arkitektur, parkkultur og stadsutvikling frå jernbanehistoria.
  • Delplan 5: Jernbanen sine bruer – eit utval historiske jernbanebruer som skal bevarast.

Delplanane vil verte presenterte etter kvart som dei vert utarbeidde og ferdigstilte.