Tryggare ved Sokna på Bergensbanen

Den 17.januar vart det ein tryggare kvardag for alle som køyrer eller går over Bergensbanen på Sørsdal ved Sokna i Ringerike. Jernbaneverket sette da i drift eit nytt heilbomanlegg og kunne samstundes leggje ned fire usikra planovergangar. Etter kvart skal ytterlegare fem overgangar leggjast ned og knytast til denne nye sikra overgangen.

Heile ni planovergangar kan nå leggjast ned og erstattast av denne nye sikra planovergangen på Sørsdal ved Sokna. (Foto: Glenn Mykkeltveit)Jernbaneverket arbeider målretta for å fjerne eller sikre planovergangar og å gjere det tryggare å krysse jernbanen. I området ved Sørsdal aust for Sokna på Bergensbanen har det vore mange private planovergangar, somme av dei med nokså stor trafikk. Jernbaneverket har derfor ønskt å sikre desse og fleire løysingar har vore vurderte. På grunn av høg grunnvasstand i området ville ei planskild kryssing verte svært kostbar, og ein har derfor valt å samle opp så mange som mogleg av dei eldre overgangane i ein ny planovergang som er sikra med heilbomanlegg.


Torsdag 17.januar vart den nye vegen og vegsikringsanlegget tatt i bruk, samstundes som dei fire første av dei gamle overgangane vart fjerna. I løpet av første halvår i år vil ytterlegare fem planovergangar i området verte fjerna og tilknytte den nye sikra overgangen.

For å samle opp trafikken på dei gamle overgangane skal det byggjast 2000 meter veg langs Bergensbanen, 1200meter er ferdig og dei resterande 800 metrane skal byggjast innan 1.juni i år. Etter kvart som veganlegget skrid fram, vil dei resterande overgangane verte lagde ned.

Dei samla kostnadene ved anlegget er ca. 5 millionar kroner, av dette utgjer veganlegget om lag to millionar. Jernbaneverket Drift har utført eit omfattande arbeid med graving av grøfter og legging av nye kablar langs sporet, mens vegane er bygde av entreprenør Knut Sletto og Halling Consult etter oppdrag frå Jernbaneverket, opplyser fagleg leiar signal på Bergensbanen, Bjørn Skauge til Jernbaneverket sine nettsider.

Sørsdal planovergang inngår i Jernbaneverket sitt handlingsprogram for sanering og sikring av planovergangar.

Jernbaneverkets Glenn Mykkeltveit, Martin Alstrand og Finn J. Gundersen er fornøyde med at forholdene for de som krysser jernbanen ved Sokna nå har blitt tryggere. Foto: Gjermund Hansen.