Tryggare i Flåmsdalen

No er eit nytt vegsikringsanlegg ved Høga på Flåmsbana teke i bruk. Dermed blir det tryggare å ferdast på den mykje brukte vegen oppover Flåmsdalen. Tidlegare i år er det også bygd bomanlegg ved Håreina, og det skal i tillegg byggjast enda to nye vegsikringsanlegg ved Berekvam. Flåmsdalen har mange turistar både på veg og bane i sommarsesongen.

 Nytt heilbomanlegg ved Høga i Flåmsdalen. Foto: Bjørn SkaugeVi har tryggare ferdsel i Flåmsdalen som eit satsingsområde, seier Magne Fjell i Jernbaneverket Utbygging som arbeider med dei nye anlegga i dalen. Det nye anlegget ved Høga er eit heilbomanlegg og har kosta om lag tre millionar kroner, fortel Fjell. Slike vegsikringsanlegg krev forutan sjølve signala og straumforsyninga også utstrakt kabelgraving langs sporet fram til dei såkalla innkoplingspunkta for anlegga. Når eit tog passerer desse punkta, vert vegsikringsanlegget sett i gang, og bommane går ned før toget kjem til planovergangen.


Fleire anlegg

I sommar går det også føre seg arbeid med ytterlegare to bomanlegg, eit på Berekvam stasjon og eit ved Reppa litt lenger opp i dalen. – Desse anlegga vert dei første her i landet som skal styrast med såkalla akselteljarar i staden for dei vanlege innkoplingsfelta, opplyser Magne Fjell. Årsaka til at Jernbaneverket har valt å satse på akselteljarar for dei to nye anlegga ved Berekvam stasjon er at dette er den beste løysinga i tilknyting til stasjonen og dei to togspora der. Berekvam stasjon skal elles også utstyrast med nytt sikringsanlegg.

- Vi er glade for at anlegget ved Høga no er i drift og gjer det tryggare framføre høgsesongen for sykkelturistar på Rallarvegen, seier Fjell. –Vi merkar stor skilnad på trafikken i Flåmsdalen når snøen på høgfjellet gjer det mogleg å starte sesongen for fullt på Rallarvegen, seier han.