Trafikkvekst på Arendalsbanen

Trafikken på Arendalsbanen har auka kraftig dei siste åra. Til no i år er veksten på 9 %, og i august vert det for første gong på mange år også opna ein ny haldeplass på banen. –Arendalsbanen går veldig bra for oss og er viktig jamvel for Sørlandsbanen, seier salsleiar Dag Brekkan i NSB.

På Nelaug er det togbytte mellom Sørlands- og Arendalsbanen. (Foto: Njål Svingheim)Vi trur kombinasjonen av at vi tilbyr mange lågprisbillettar, og at folk ønskjer å reise miljøvennleg er det som ligg bak den store auken i trafikken på Arendalsbanen, seier Brekkan. Trafikken har teke seg veldig bra opp dei siste åra, og vi reknar med å setje ny rekord i år, legg han til. Sørlandsbanen går også bra for NSB om dagen, og selskapet set no inn det første av dei nypussa toga sine mellom Oslo og Kristiansand. Alle toga på Arendalsbanen vert køyrde i tilknyting til toga på Sørlandsbanen, og derfor er Arendalsbanen eit viktig tilskott til trafikken på Sørlandsbanen, seier Brekkan. Frå Sørlandet er det no 21 buss- og 20 flyavgangar dagleg, så vi er godt nøgde med at vi hevdar oss i denne konkurransen, seier Brekkan.


Fra Sørlandet er det nå 21 buss- og 20 flyavganger daglig, så vi er godt fornøyde med at vi hevder oss i denne konkurransen, sier Brekkan.

Ny haldeplass
Jernbaneverket har bygd ein ny haldeplass ved Stoa, tre kilometer utanfor Arendal. Ved Stoa er det fleire store kjøpesenter, butikkar og industribedrifter. Stoa haldeplass skal brukast første gong i samband med båtracet "Norwegian grand prix" i Arendal 19.-20.juli. Da skal det køyrast pendeltog mellom Stoa og Arendal med publikum til båtracet. Frå 18.august skal alle ordinære tog på Arendalsbanen stoppe ved Stoa.

Fakta om Arendalsbanen:

  • Opna: 1910 Arendal – Åmli (til Treungen i 1913) Normalspor og sidelinje til Sørlandsbanen frå 1935
  • Arendal var endestasjon for Sørlandsbanen 1935 -1938
  • Avstand Arendal – Nelaug 36,20 km
  • Elektrifisert Nelaug – Arendal i 1996
  • Stasjonar/haldeplassar: Nelaug, Flaten, Bøylefoss, Froland, Blakstad, Rise, Bråstad, Stoa (frå 18/8-08), og Arendal
  • Stoa holdeplass er klar til bruk. (Foto: Njål Svingheim)