Trafikkstans på Bergensbanen ved Hønefoss

Litt før kl. 16 i dag vart det brot på kjørestraumforsyninga på Bergensbanen pga. skade på kontaktleidninga mellom Hønefoss og Veme.

Austgåande dagtog, som skulle vore i Oslo kl. 17.32, måtte hentast inn til Hønefoss med diesellkomotiv. Toget vil bli over ein time forseinka til Oslo. Passasjerane på ettermiddagsekspresstoga mellom Bergen og Oslo vil bli frakta med buss mellom Vikersund og Hønefoss. NSB prøver også å skaffa bussar til austgåande regiontog som etter ruta skal vera i Oslo kl. 23.50. Det er usikkert kor lang tid reparasjonsarbeidet vil ta.