Trafikkstans Vikersund - Hønefoss

Kl. 15.40 i går fall kjørestraumen ut mellom Vikersund og Hønefoss. Dette medførte at fjerntoga mellom Oslo og Bergen måtte gå om Roa i staden for om Drammen.

Feilen mellom Vikersund og Hønefoss var retta kl. 23.15, eit stort grantre hadde slått kontakteleidningen i bakken. Ettermiddagsekspressen frå Oslo, som skulle vera i Bergen kl 22.35, vart ca. 1 1/2 time forseinka til endestasjonen. "Fredagstoget" frå Oslo kl. 14.33 måtte snu på Vikersund og returnera til Oslo. Ny avgang frå Oslo over Roa vart kl. 18. Dette toget skulle ha vore i Bergen kl. 22.04, men det vart ca. tre og ein halv time forseinka. Nattoget frå Oslo til Bergen gjekk også over Roa. Det vart sett opp alternativ transport for passasjerar til og frå stasjonar på strekninga Hønefoss - Drammen - Oslo. Jernbaneverket seier seg lei for dei ulempene dette medfører for dei reisande.