Trafikken i gang igjen på Bergensbanen

Litt før kl. 16 i dag onsdag 25.6. fall ein ekstern høgspentleidning ned på jernbanelinja vest for Hønefoss. Dette medførte nedriving av kontaktleidningen og dermed brot i straumforsyninga til toga. Feilen var retta kl. 20.40. Tre persontog og fleire godstog vart råka av straumstansen.

Austgåande dagtog, som skulle vore i Oslo kl. 17.32, måtte hentast inn til Hønefoss med diesellkomotiv. Toget vart over ein time forseinka til Oslo. Passasjerane på ettermiddagsekspresstoga mellom Bergen og Oslo vart frakta med buss mellom Vikersund og Nesbyen. Toget til Bergen vart 1 t 15 min forseinka frå Nesbyen, medan toget til Oslo vart ca. 15 min forseinka frå Vikersund.