Togtrafikken i gang igjen på Jærbanen

I går tidleg vart fleire kablar skadde ved Sandnes stasjon. Dette har medført at dei fleste persontoga har blitt erstatta med buss etter at feilen oppstod. Kl. 11.15 i dag var skaden utbetra, og trafikken går no som normalt.