Togtrafikken i gang igjen på Bergensbanen

Laurdag morgon 4/10 vart Bergensbanen opna etter brannen i snøoverbygget ved Hallingskeid torsdag. Togtrafikken går no som vanleg.

Helikopter vart sett inn i slokkingsarbeidet. Foto: Voss Helikopter/FonnaflyDen kraftige brannen i eit snøoverbygg to kilometer aust for Hallingskeid stasjon førde til store skader på både spor, kontaktleidning og tekniske installasjonar langs linja. Om lag 100 sviller vart skifta, og det er lagt nye skjener på brannstaden. Også kontaktleidinga og ein del andre kablar måtte skiftast ut.


Brannen vart meldt litt før klokka 12 torsdag. Ved 15-tida var brannen under kontroll, men etterslokking heldt fram utover ettermiddagen. Om lag 100 meter med snøoverbygg brant ned. Årsaka til brannen er ikkje kjend.

Eit helikopter deltok i slokkingsarbeidet, saman med to brannvogner og mannskap frå Jernbaneverket, samt ein brannbil frå Voss som blei frakta inn til brannstaden på jernbanevogn.