Store arbeider på Bergensbanen i helga 11/10 - 12/10

Komande helg er togtrafikken på Bergensbanen erstatta med bussar på delar av strekninga. Årsaka er at det skal utførast større arbeider på banen. Både mellom Gol og Torpo og mellom Vaksdal og Trengereid må banen stengast som fylgje av anleggsarbeider.

Ved Evjen, mellom Gol og Torpo, skal det leggjast inn ein ny undergang. Konstruksjonen består av prefabrikkerte betongelement. Når undergangen kan takast i bruk i løpet av neste veke, kan tre planovergangar fjernast. Undergangen får ei opning på 4x4 m. Utførande entreprenør er T. Engene.


I Hananipa tunnel, mellom Vaksdal og Trengereid, skal pukken i sporet fjernast over ei lengde på 300-400 meter inne i tunnelen frå Langhelle. Årsaka er et pukken vart kraftig ureina av finmasser frå lausmasseskredet på staden hausten 2005, då vatn og jord strøymde langt inn i tunnelen. Slik pukk har dårlege dreneringseigenskapar, og bidrar til låg sporkvalitet. Til fjerninga vert det nytta ein pukksugar som verkar som ein gigantisk "støvsugar". Etterpå skal det leggjast eit nytt lag med pukk.

Sjølv om mange tog strekningsvis er innstilte, understrekar vi at det vil gå arbeidstog på heile strekninga. Ein må med andre ord rekna med at tog kan kome til ei kvar tid.