Stor trafikk i påsken

Det vart meldt om stor trafikk med toga i påsken. Trass i for mykje snø og vind i delar av påskeveka gjekk trafikken på Bergensbanen som normalt. Bergensbanen hadde som vanleg dei fleste ekstratoga, og det var stor aktivitet på stasjonane i fjellet. NSB hadde sett inn til saman 23.000 sete i påsketoga.

Påsketrafikk på Ustaoset, påsken 2008. Foto: Njål Svingheim-Det meste har fungert godt denne påsken, seier trafikksjef i Jernbaneverkets Trafikkområde vest, Kåre Rossland. –Vi skauv på ei mast på Ustaoset under brøyting etter uvêret fredag og hadde nokre timars straumstans vest for Hønefoss onsdagen. Men i det store og heile har trafikken på Bergensbanen gått etter planen trass i store snømengder og ein del vind. Skjærtorsdag kom det opp mot 80 cm nysnø på høgfjellet ved Bergensbanen, og med vind langfredag vart dette sett i rørsle til enorme fonner. Plogane greidde likevel å halde banen open.


Så bra gjekk det ikkje på Sørlandsbanen som langfredag måtte innstille avgangane på føremiddagen på grunn av mykje snø. På 2.påskedag måtte trafikken nordover frå Oslo S stoppast i over ein time etter at ein lastebil hadde køyrt inn i ei bru over Oslogate. Lastebilen reiv ned leidningar for trikken på staden og tende ein brann. Togtrafikken kom i gang att då brannen var sløkt.