Steinsprang på Sørlandsbanen sent tirsdag kveld 6/5

Kl. 21.45 på kvelden 6/5 kjørte eit vestgåande passasjertog inn i ein stein som låg i sporet like ved Audnedal stasjon. Korkje passasjerar eller lokomotivførar kom fysisk til skade, men det vart store skader på lokomotivet og noko på første vogn. NSB sette inn bussar for å frakta passasjerane forbi staden.

Steinen losna eit stykke opp i fjellsida. Etter at steinen var fjerna og fjellet kontrollert, vart banen opna att for trafikk kl. 2.40 natt til 7/5. Nattogspassasjerane vart frakta med buss mellom Kristiansand og Snartemo.