Raumabanen klår for turistane

Den 1. juni vert drifta av persontrafikken på Raumabanen lagd om og det satsast sterkare på turisme. To av dei fire daglege avgangane vert køyrde som turisttog til Bjorli med guiding undervegs og saktekøyring ved sjåverdige bygningar og utsiktspunkt. Jernbaneverket har medverka til satsinga ved å gjere utsikten betre frå toget. Trass i loddrette bergvegger og høge fjelltoppar, det er elva turistane sjølve dreg fram som det viktigaste å få sjå.

Kylling bru ved Verma er blant dei mest kjende turistmåla på Raumabanen. (Foto: Njål Svingheim)Alt er klårt framføre turistsesongen i år på Raumabanen. I månadene juni, juli og august vil toga på banen leggje større vekt på turistane som vil sjå Romsdalshorn, Trollveggen, Kylling bru og den flotte utsikten til den ville naturen. Jernbaneverkets viktigaste medverknad til turistsatsinga er at det gjennom dei siste åra har blitt utført mykje skogrydding for å betre utsikten.


–Vi har rydda mykje på dei beste utsiktspunkta, fortel oppsynsmann på Raumabanen, Stig Brenden. I tillegg vil området på Bjorli stasjon bli opprusta slik at overgangen mellom turbussar og tog skal bli så smidig som mogleg. Det er også planar om ei plattform i området ved Trollveggen, men denne vert ikkje bygd i år, fortel Brenden. - Men marknadsundersøkingane har faktisk synt at det er elva og dei mange fossane, som dei fleste turistane ønskjer å sjå, fortel Brenden.

Raumabanen passerer like under den namngjetne Trollveggen med eit av Europas lengste loddrette stup. (Foto: Njål Svingheim)Frå 1.juni blir det to daglege avgangar mellom Åndalsnes og Dombås med samband til og frå Oslo. Desse toga har også togbusstilknyting til Ålesund og Molde. Det vert køyrt to avgangar i tillegg berre mellom Åndalsnes og Bjorli. Desse turistavgangane vil bli køyrde med tre motorvognsett når det er behov for det. Toga er av type 93 som har store vindauge og god utsikt. Passasjerane kan få tog den eine vegen og buss den andre slik at dei skal få sett Romsdalen frå fleire stader.

Første september vert den vanlege ruteplanen igjen innført på Raumabanen, og direktetoget Åndalsnes - Lillehammer kjem da attende.

Raumabanen er 114 kilometer lang mellom Dombås og Åndalsnes. Bjorli stasjon ligg om lag midtvegs mellom Dombås og Åndalsnes.

Prøvesesong

 - Vi ser på sesongen i år som ein prøveperiode der vi skal vinne røynsler, seier Trond Jansen i selskapet Raumabanen Åndalsnes AS. Selskapet er samansett av lokale næringsinteresser i Åndalsnes og Molde, Rauma og Lesja kommunar, Møre og Romsdal fylkeskommune og NSB. – Det er tinga plassar for ca. 6000 cruisepassasjerar frå Åndalsnes, fortel Jansen, men det lokale marknadsføringsselskapet vil også leggje stor vekt på marknadsføring andsynes andre turistar. Denne våren har elles jamvel selskapet Raumabanen Åndalsnes fått utført noko skogrydding på granneeigedomar inntil banen for å betre sikten ytterlegare.