Nye vegsikringsanlegg på Flåmsbana

På Flåmsbana er det fyrste av fire nye vegsikringsanlegg no teke i bruk. Denne veka vart Håreina heilbomanlegg sett i drift og ytterlegare tre slike anlegg skal etter planen setjast i drift i fyrste halvår. Dermed vert det tryggare for alle som ferdast i den vakre og ville Flåmsdalen.

Det nye bomanlegget ved Håreina. (Finn Jarle Gundersen)Håreina planovergang ligg rett ved haldeplassen med same namn. -Lenger opp i Flåmsdalen skal det setjast i drift heilbomanlegg også ved Høga, Reppa og Berekvam, fortel fungerande banesjef Bjørn Skauge. Alle dei nye bomanlegga vert bygd som heilbomanlegg.


Flåmsdalen har i sommarhalvåret stor turisttrafikk både på banen og på den smale bilvegen gjennom dalen. Både fotturistar, syklistar og bilistar vil no få ei tryggare kryssing av Flåmsbana. Om sommaren går det 10 tog i kvar retning mellom Myrdal og Flåm.

Bomanlegget ved Håreina er bygd av Jernbaneverket Drift Vest. Kostnadane er berekna til ca tre millionar kroner.