Ny type rutetabellar på alle stasjonar

Frå ruteendringa 15.juni blir det teke i bruk timebaserte ruteplakatar på alle stasjonar. Etter at stasjonar og haldeplassar på Gjøvikbanen vart utstyrt med dette sommaren 2007, har Jernbaneverket nå vedteke at slike rutetabellar skal innførast i heile landet.

Det er internasjonale retningslinjer tilrådde av den internasjonale jernbaneunionen, UIC, som no blir innførte også i Noreg. Dei timebaserte rutetabellane viser avgangstidene på stasjonane fordelte på alle timane i døgeret. Innanfor kvar klokketime på tabellen er alle togavgangane samla, og for kvar einskild avgang er det oppført alle dei stasjonane som toget stoppar ved. Dermed skal det bli enklare å skaffe seg oversikt over togrutene. Samstundes blir det oppført kva for spor togavgangane normalt vert køyrde frå.


-Evalueringa og røynslene frå Gjøvikbanen var litt blanda, seier Brit Jorun Øverstad. -Men etter noko tilvenning meinte dei fleste av dei spurde at dei timebaserte rutene gjev meir informasjon enn dei gamle. Også togselskapa har lenge hatt eit ønske om at Jernbaneverket skulle innføre slike rutetabellar. Togselskapa vil framleis gje ut sine tradisjonelle rutefolderar for strekningane.

Utsnitt av timebasert ruteplakat

Alle stasjonar

Dei gule plakatane som viser avgangstider, vil bli slegne opp på alle dei 357 stasjonane og haldeplassane i landet med unnatak av Flåmsbana som på grunn av turisttrafikken skal behalde sitt eige opplegg. Det er også eigne kvite plakatar som viser når toga kjem, men desse vil bare bli slegne opp på eit femtitals endestasjonar og andre. større stasjonar. -Dette tyder at ein kan lese alle togavgangane på stasjonen på alle rutetabellstativ og på alle perrongar, seier Øverstad.

Som vedlegg kan du finne eit døme på ein timebasert rutetabell.
(Dømet er frå Nittedal stasjon på Gjøvikbanen og rutetabellen er ikkje gyldig. Dei nye tabellane skal gjelde frå 15.juni 2008).