NTP 2010-2019: Betre punktlegskap og auka kvalitet

Dei siste åra har det vore ein sterk vekst både innanfor gods- og persontrafikk. – Auka trafikk, etterslep i vedlikehaldet og høgare krav til punktlegskap og kvalitet krev at Jernbaneverket prioriterer vedlikehald av eksisterande infrastruktur. . -Det tyder at nokre av dei nye jernbaneprosjekta må utsetjast, seier jernbanedirektør Steinar Killi.

Ved inngangen til ein ny planperiode i 2010, står jernbanen andsynes store utfordringar når det gjeld krav om punktlegskap, kapasitet og kjøretider. Behovet for auka vedlikehald og behovet for nyinvesteringar gjer at det samla trengst mykje meir enn det planramma for Nasjonal transportplan (NTP) for 2010-2019 gir rom for.


– Tilrådinga vår er at vedlikehaldsramma i planperioden skal aukast med 30 prosent i forhold til dagens nivå, seier Steinar Killi. Hovudtyngda av midla må gå til fornying av eksisterande anlegg for å unngå svært negative konsekvensar for punktlegskapen og regulariteten.


Dette inneber at satsinga på investeringar i nye jernbaneprosjekt vert kraftig redusert i høve til inneverande NTP - frå 2,4 milliardar kroner til 1,6 milliardar kroner årleg. Innanfor denne ramma vil Jernbaneverket prioritere auka kapasitet på Vestfold- og Dovrebanen. Dette for å bygge vidare på og ta ut mest mogleg av nytten ved tidligare tunge utbyggingstiltak som Gardermobanen og Lysaker-Sandvika. I tillegg vil stasjonsutvikling og betre tilgjenge for trafikantane bli prioritert langt høgare enn tidligare. Stasjonstiltaka vil auke med 62 prosent i høve til Stortinget sitt vedtak om inneverande NTP.

Godstransporten på jernbanen i Noreg er i kraftig vekst. Auken er bra for miljøet, viktig for trafikktryggleiken på vegane og medverkar til å betre framkomsttilhøva. Jernbaneverket legg opp til at denne veksten skal halde fram, og at kapasiteten for godstrafikken på norske spor skal doblast innan 2020. Terminalutbygging og fleire kryssingsspor er dei viktigaste grepa. Investeringar i spesielle tiltak for gods aukar med 115 prosent i høve til stortingsvedtaket om inneverande NTP. Høgfartstog
Jernbaneverket har på oppdrag frå Samferdsledepartementet fått greidd ut kva for potensial som ligg i høgfartstog i Noreg. Utgreiinga vart overlevert departementet i november 2007.

– Høgfartsbanar er eit effektivt transportsystem som for all framtid kan drivast med varig energi. Jernbaneverket tilrår at det vert gjennomført vidare utgreiing av driftsopplegg, marknadspotensial og dei samfunnsøkonomiske verknadene, seier Steinar Killi.
– Jernbaneverket vil tilrå at det vert lagt til rette for at Stortinget ved handsaminga av NTP i 2009 kan gjere vedtak om omfang og retning på eit eventuelt vidare planarbeid, avsluttar jernbanedirektøren.