Miljørapport 2007

Jernbaneverket sin miljørapport for 2007 viser status for miljøarbeidet i Jernbaneverket. Eksempel på miljøsak med positiv utvikling er el-forbruket, som vart redusert frå 2006 til 2007. Eksempel på miljøsak med negativ utvikling er påkøyrsel av dyr. Talet på dyr påkøyrde av tog har auka kraftig dei to siste åra.

Positiv utvikling:

  • Jernbaneverket sitt el-forbruk er redusert med vel fem GWh frå 2006 til 2007.
  • Ved utgangen av 2007 var alle tre regionane ferdige med å kartleggje lokal grunnforureining og lage planar for opprydding.
  • Sluttrapport for prosjektet om biologisk mangfald på Sørlandsbanen som starta i 2000 vart ferdig i 2007.
  • Uendra bruk av ugrasmiddel

Negativ utvikling:

  • I 2007 vart 1884 dyr påkøyrde av tog. Dette er det høgaste talet som er registrert for dyr påkøyrde av tog eit enkelt år.
  • Fleire utslepp (høgast sidan 2003)

Lenke til elektronisk utgåve av miljørapport 2007 fins til høgre på denne sida.