Mange nye rassikringsanlegg på plass

I år er ni nye anlegg for rasvarsling og rassikring tekne i bruk. Dei fleste nye anlegga er bygde på Bergensbanen og Flåmsbana, medan det òg er gjort rassikringsarbeid på strekninga Grong – Gartland på Nordlandsbanen. Det er i tillegg gjort omfattande kartleggingsarbeid i 2008, noko som vi no skal gjere om til konkrete sikringstiltak til neste år, seier leiar i Jernbaneverket sitt rasutval, Trond Børsting.

DHer vert det bygd ein mur mot nye ras ved Dale på Bergensbanen. (Foto: Inge Hjertaas)et er eit omfattande kartleggings- og sikringsarbeid som nå går føre seg på heile jernbanenettet her i landet. Tiltaka omfattar fleire ulike oppgåver, og dei skal gje både betre oversyn og større tryggleik i togtrafikken. –Klimaendringane, med stadig meir ekstremvêr med kraftig vind, store temperaturskilnader og meir intens nedbør gjer at vi er nøydde til å gjere omfattande tiltak på dei stadene som ligg utsett til, fortel Børsting.

Ulike tiltak

Jernbaneverket samarbeider både med Meteorologisk institutt, Noregs vassdrags- og energiverk, NVE, med Statens vegvesen og ekspertar både innanfor rasfare og geologi. I tillegg arbeider vi heile tida med å styrkje vår eigen kunnskap på området, seier Børsting. No ynskjer vi også å rekruttere fleire fagfolk i eigne rekker, det gjeld fagpersonar innan geologi, geoteknikk og hydrologi. –Vi treng òg fleire folk til å arbeide i fjellreinskingslaga våre ute i drifta, legg han til.

Jernbaneverket har ei rad med ulike åtgjerder for betre rastryggleik. Dette handlar om bygging av fanggjerde langs utsette banestrekningar, desse kan så koplast inn på jernbanen sitt signalanlegg slik at toget får varsel dersom noko har rast inn i desse gjerda. -Vidare byggjer vi rasvollar som kan stanse eventuelle ras, det vert gjort fjellreinsk og fastbolting av fjell langs lina, og det blir bygd nye vérstasjonar på ei rad stader.

Vérstasjonar -Slike vêrstasjonar vert no bygde ut langs heile jernbanenettet i eit samarbeid med Meteorologisk institutt, opplyser Trond Børsting. Slik får vi tilgang til nøyaktige vêrdata til ei kvar tid. Det dannar så grunnlaget for å vurdere om vi skal innføre eit av dei nivåa vi har for auka beredskap. Vi kan dermed raskt får ut mannskap for ekstra visitasjonar og ettersyn når det er behov for dette. I alt skal det byggjast 23 vêrstasjonar langs jernbanenenettet, de fleste langs Bergens- og Nordlandsbanen, men òg på Ofotbanen, Sørlandsbanen og Raumabanen blir det vêrstasjonar. Dei fleste av desse er ferdige ved utgangen av dette året.

Store delar av jernbanenettet er no ferdig kartlagde med tanke på rasfare, og dette arbeidet vil halde fram også neste år. No legg vi på bakgrunn av denne kartlegginga planane for det sikringsarbeidet som skal gjerast i 2009, avsluttar Børsting.