Kald vinter på Bergensbanen

For å halde Bergensbanen open for trafikk over høgfjellet heile vinteren er det naudsynt med omfattande rutinar for brøyting. For å sikre at banen er open til kvar tid er det naudsynt med to roterande snøplogar i drift og i tillegg både brøytelokomotiv med stor frontplog og ei rad andre maskiner for snørydding. Jernbaneverket har eigne vaktlag som ligg klare på Myrdal og også mannskapar stasjonerte på Geilo.

Kjell Erik Giljarhus trivst i snøføyka på Finse. (Foto: Njål Svingheim)Ein av dei store plogane på Bergensbanens vart i fjor levert nyombygd og i ein kraftigare versjon til høgfjellsstrekninga. Plogen har hatt ein del driftsproblem den første tida, og det er først denne vinteren at mannskapane reknar med å få full effekt av den ”nye” plogen. Den har fått nye motorar og kan halde større fart samtidig som den ryd linja for snø. Både arbeidsmiljø og påverknaden på ytre miljø har vorte betra med den ombygde plogen. – Utan to roterande snøplogar klarer vi ikkje denne jobben, fortel ein av veteranane i vintervernebuinga på Bergensbanen, Kjell Erik Giljarhus. Snøryddemaskinane må jamleg inn til avtining for å fungere optimalt, forklarer Giljarhus som nå er ein av to som fyller funksjonen som snøkoordinator på Finse.

Vêrskilje

Kjell Erik Giljarhus fortel at det på den 100 kilometer lange høgfjellstrekninga er to vêrskilje. Når vêret er austleg er det som oftast klårvêr og fine tilhøve på vestsida av Finsetunnelen, ved vestavêr er det ofte motsett. I tillegg går det eit nedbørskilje mellom Haugastøl og Finse ved Gråskallen. Ofte er det store snømengder opp til dette området, mens det kan vere mindre på strekninga Gråskallen – Finse. Slik er det også til nå i år, fortel Giljarhus. Vest for Finsetunnelen går banen gjennom eit sidebratt terreng med store nedbørsmengder Strekninga frå Lågheller til Mjølfjell held ein under spesielt oppsyn med tanke på fare for snøskred. -Ved lange periodar med vind og snø som legg seg i heng over linja, er temperaturen og konsistensen på snøen avgjerande. Saman med Noregs Geotekniske Institutt vurderer snøkoordinatoren på Finse kva for vernebuingsnivå som er naudsynt. Er faren for snøras overhengande vert banen stengd inntil fagfolk har vurdert de rasutsette partia. Tryggleiken for tog og mannskapar er avgjerande.

Beilhack-plog ved Finse. (Foto: Øystein Grue)Funksjonen som snøkoordinator på Finse er bemanna heile døgnet vinteren igjennom. Frå Finse kan ein da halde eit aktivt auge med snø- og vindtilhøve, i tillegg til at moderne instrument og meteorogram fortel om vêrsituasjonen over høgfjellstrekninga. Giljarhus er sjølv oppvaksen på Finse og kan fortelje om merkbare klimaendringar. Det verkar som om vintrane vert kortare, men med meir vind og periodevis meir nedbør er utfordringane med å halde banen open framleis store, seier han. Beilhack-plog ved Finse. (Foto: Øystein Grue)

100 kilometer høgfjell

 Høgfjellstrekninga på Bergensbanen er meir enn 100 kilometer lang frå Geilo til Mjølfjell. For å halde banen open vinterstid har Jernbaneverket stasjonert roterande snøplogar på Geilo og Myrdal stasjonar. Den tidlegare snøryddingsbasen på Finse vart avvikla på 1990-talet etter at Finsetunnelen opna og delar av den nye banen over fjellet sto ferdig.

Det køyrest nå dagleg brøyting av banen med utgangspunkt frå Myrdal stasjon tidleg om morgonen i retning Mjølfjell. Derfrå køyrer plogen over heile høgfjellstrekninga til Haugastøl eller heilt til Geilo ved behov. Banen vert brøyta ferdig før første persontog, tog 62 frå Bergen, passerer tidleg på formiddagen. På ettermiddagen køyrer så plogen som er stasjonert på Geilo, over fjellet til Myrdal eller heilt til Mjølfjell om naudsynt. Denne brøytinga med roterande plogar skjer alle dagar med vind- eller snøvêr. Det er dei fleste.

Bjørn Inge Rokne og Terje Reime (nærmest) kjører Beilhack-plog på Bergensbanen. (Foto: Øystein Grue)