Kabelfeil ved Sandnes vert ikkje ferdig utbetra før i morgon fredag 15. 8.

Frå kl. 8 i dag har kabelfeilen medført stans i togtrafikken mellom Ganddal og Stavanger. For dei reisande har det gått bussar mellom Ganddal og Stavanger for lokaltog, og mellom Bryne og Stavanger for fjerntog.

Skaden på kabelanlegget viste seg å vera relativt omfattande. Dette betyr at feilretting med sluttkontroll ikkje vert avslutta før litt ut på morgondagen 15.8. Dei fleste fjerntoga vil gå til og frå Stavanger, det same gjeld dei to første lokaltoga i morgon tidleg. Elles blir det busstransport som i dag. Jernbaneverket seier seg leie for dei ulempene dette medfører for dei reisande.