Kabelfeil medfører innstilling av tog på Jærbanen i dag

På grunn av ein kabelfeil ved Sandnes måtte togtrafikken mellom Stavanger og Ganddal innstillast frå kl. 8 i dag. Det er sett opp busstransport for lokaltogsreisande mellom Stavanger og Ganddal, og mellom Stavanger og Bryne for fjerntogsreisande. Det er uvisst kor lang tid det vil ta å få reparert kabelen. Jernbaneverket seier seg leie for dei ulempene dette medfører for dei reisande.