Direkte godstogrute Oslo - Taulov

CargoNet startar no ein direkte togpendel mellom Oslo og Taulov sør på Jylland i Danmark. Taulov ligg ikkje langt frå grensa mot Tyskland, og det er første gong at CargoNet for eiga rekning og eigen risiko set i gang godstog som går utanfor Noreg og Sverige. –Dette er strategisk viktig for oss, seier administrerande direktør Are Kjensli i CargoNet til Jernbanemagasinet.

(Foto: Øystein Grue)Det nye godstoget mellom Alnabruterminalen i Oslo og danske Taulov skal i startfasen køyrast med ein avgang i kvar retning kvar veke. Fra hausten av er det meininga å auke til to avgangar i veka. –Vi veit at kundane er der, men vi veit ikkje kor stor etterspurnaden vert enno, seier Kjensli. Derfor startar vi forsiktig med ein avgang i veka. Annan godstrafikk på jernbane mellom Noreg og Sentral- og Sør-Europa vert køyrd i fellesskap med svenske og tyske togselskap.


Taulov ligg like ved Fredericia på Jylland og er eit viktig jernbaneknutepunkt. Her møtest banane frå Tyskland og byane på nordre Jylland. Godset som CargoNet satsar på å få om bord i containertoga sine mellom Taulov og Alnabru, kjem frå dei store hamnene i Rotterdam og Hamburg og med andre godsselskap frå Europa elles.

Les meir om korleis CargoNet no satsar i Jernbanemagsinet nr 2 – 2008.