CargoNet aukar til 14 tog Oslo - Bergen i døgnet

CargoNet set no inn enda eit godstogpar på Bergensbanen. Det inneber at det frå no av vert køyrt heile 14 godstog, sju i kvar retning, mellom Oslo og Bergen kvart døgn. CargoNet opplever stadig større etterspurnad og kapasiteten på Bergensbanen er auka med 40% på tre år. – Vi er glade for at Jernbaneverket har funnet plass til desse nye toga, trass i kapasitetsproblem på strekninga, seier direktør for samfunnskontakt i CargoNet, Bjarne Ivar Wist.

CargoNet set no inn enda eit togpar på Bergensbanen og kjem opp i 14 tog i døgnet på strekninga. Foto: Njål SvingheimOm lag 30 prosent av all godstransport mellom Oslo og Bergen går med Bergensbanen. – Det er likevel eit monaleg større potensial for togtransport på denne strekninga, seier Wist. Etterspurnaden aukar, men toga vert diverre hemma av manglande kapasitet. – Vi kan få til ei mykje meir effektiv drift dersom det vert bygd fleire kryssingsspor og større terminalkapasitet.


- Det er ikkje på grunn av, men meir trass i infrastrukturen at vi no klarar å auke med enda eitt togpar i døgnet på Bergensbanen, seier administrerande direktør Are Kjensli i CargoNet. Det er saman med ruteplanleggjarane i Jernbaneverket at vi no har fått til dette, men med betre tilrettelegging på terminalar og fleire kryssingsspor kunne vi ha køyrt enda fleire tog, seier han.

Kvar veke erstattar CargoNet sine godstog 1.400 lastebilar på strekninga. Skulle desse transportane gått på veg, ville dette tyde utslepp av 40.000 tonn CO2, opplyser CargoNet. Jernbane er derfor eit av dei viktigaste verktya som transportbransjen har for å få ned utsleppa.