Byggjestart Barkåker - Tønsberg i 2009

Regjeringa har bestemt at det vert byggjestart på det nye dobbelsporet mellom Barkåker og Tønsberg på Vestfoldbanen neste år. Anlegget er kostnadsrekna til 1,37 milliardar kroner. –Vi legg opp til ei rasjonell framdrift, seier samferdselsministeren.

Både samferdselsminister Liv Signe Navarsete og finansminister Kristin Halvorsen var glade for at ventetida for utbygginga på Vestfoldbanen no er slutt. Foto: Njål Svingheim-Det tyder at vi vil følgje opp med løyvingar når anlegget på Vestfoldbanen nå kjem i gang, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.


-Eg er glad for at regjeringa har bestemt at det i statsbudsjettet for 2009 skal løyvast pengar til å setje i gang utbygginga på Vestfoldbanen, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. Strekninga Barkåker – Tønsberg der ein skal byrje neste år, er 7,7 kilometer lang og vil gi auka kapasitet, kortare reisetid og meir punktleg toggang. Strekninga har vært byggjeklar i fleire år, men har mått vente på løyvingar.

- Å leggje til rette for at fleire kan reise kollektivt, særleg i dei folketette områda av landet, er ei målsetjing for regjeringa. Derfor har vi satsa målretta på samanhengande utbygging av igangsette anlegg som Lysaker – Sandvika og Stavanger – Sandnes først. -Vi har mått vente med nye prosjekt for å halde rasjonell framdrift, men no er ventetida over for Vestfold. -Eg ser fram til å setje spaden i jorda for dette viktige prosjektet i 2009, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Vestfoldbaneutbygginga vart presentert av tre ministrar: samferdselsminister Liv Signe Navarsete, finansminister Kristin Halvorsen og næringsminister Dag Terje Andersen, på Oslo S måndag 31.mars.

 
Det blir meir dobbeltspor på Vestfoldbanen. Her frå togkryssing på Sem. Foto: Njål Svingheim-Klare for oppstart i januar
Utbyggingssjef for Vestfoldbanen i Jernbaneverket, Ole Konttorp, seier at Jernbaneverket skal vere klare for byggjestart i januar 2009. Han er særs glad for at regjeringa no har klargjort at pengane kjem på neste års statsbudsjett, slik at alle detaljar kan vere på plass i tide for ein raskast mogleg oppstart neste år. –Vi har planane klare, og det er tilbodsutlysingar og andre detaljar som no må på plass, men dette skal gå greitt, seier Konttorp.