Bergensbanen stengd på fjellet etter brann i snøoverbygg

Bergensbanen er stengd på strekninga mellom Finse og Myrdal etter ein brann i eit snøoverbygg aust for Hallingskeid torsdag 2/10. Brannen førde til store skader på kontaktleidning, kablar og spor. Banestrekninga kan tidlegast opnast att seint fredag kveld 3/10.

Brannen har førd til skader på kontaktleidningsanlegg, spor, kablar og tekniske installasjonar. Det er framleis usikkert når banen kan gjenåpnast, tidlegast kan dette skje seint fredag kveld, kanskje seinare.


NSB melder at NSB Lokaltog går som normalt mellom Bergen og Voss, og at NSB Regiontog køyrer med eldre tog mellom Bergen og Myrdal. Toga går som normalt mellom Oslo og Ål. For kunder som skal over fjellet blir det sett opp bussar mellom Bergen og Ål.

NSB Regiontog frå Oslo kl 0811 går til Finse og returnerar til Oslo kl 1254.

Brannen blei meldt litt før klokka 12 torsdag. Ved 15-tida var brannen under kontroll, men etterslokking helt fram utover ettermiddagen. Om lag 100 meter med snøoverbygg brant ned. Årsaka til brannen er ikkje kjend.

Eit helikopter deltok i slokkingsarbeidet, saman med to brannvogner og mannskaper frå Jernbaneverket, samt ein brannbil som blei fraktet inn til brannstaden på jernbanevogn.

Jernbaneverket seier seg lei for ulempene som følgje av at banen er stengd.