40 ekstratog til Skarverennet

Laurdag 19.april i år vart Skarverennet skipa til med start frå Finse stasjon. På nokre hektiske morgontimar skulle alle dei 12 000 deltakarane fraktast til start. Skarverennet er det største skirennet i Noreg og er også kvart år ei utfordring for Jernbaneverket og NSB. Kapasiteten på høgfjellsstrekninga på Bergensbanen vert utnytta maksimalt for å frakte alle deltakarane til og frå rennet.

Eit tog vestfrå kjem til Finse. (Foto: Svein Ulvund)Heile 40 ekstratog vart sette opp for å frakte skiløparane til start og frå mål. Dei fleste togsetta var lokaltogsett av type 69D med ni vogner som til saman har ein kapasitet på 1350 passasjerar. Toga starta frå Gol, Ål og Geilo, i tillegg til ekstratog både frå Oslo og Bergen.


Terje Erdal ved Jernbaneverket sin trafikkstyringssentral i Bergen opplyser at det vart skipa auka vernebuing for å rette eventuelle feil på strekninga på renndagen. Driftsopplegget var laga i eit samarbeid mellom Geilo Idrettslag, NSB og Jernbaneverket og er basert på røynslene frå dei siste åra. Det er stasjonane Geilo, Ustaoset, Haugastøl, Tunga kryssingsspor, og Finse som har den tettaste trafikken, men heile Bergensbanen har denne helga særs stor togtrafikk. –Vi har hatt gode røynsler med dette driftsopplegget dei seinare åra og førte derfor dette vidare også i år, seier Erdal. –Nå var også vêrmeldinga for helga bra, så alt låg til rette for ein fin dag for både skiløparane og oss som jobba, legg han til.

På renndagen pendla toga fram og tilbake på høgfjellet heile dagen for å frakte deltakarane til og frå rennet.

Dei aller fleste deltakarane startar frå Finse, men somme skal også gå frå Haugastøl. Innkomsten er på Ustaoset, og deretter er det togtransport tilbake til Geilo. På kvelden går det igjen ekstratog både til Oslo og Bergen. NSB måtte også køyre 9 tomme tog frå Oslo og Bergen for å bringe lokaltogsetta til rett stad før og etter sjølve rennet.

Starten for Skarverennet går fra Finsevannet rett ved stasjonen. (Foto: Bjørn Ove Botten)