Toga bruker mindre straum med nytt målesystem

Jernbanen i Norden og Europa blir nå enda meir konkurransedyktig og miljøvennleg. Eit nyutvikla system for direkte måling av straumforbruket i toga gir stor innsparing. Forbruket kan reduserast med minst 10%. Systemet er utvikla i samarbeid med jernbaneforvaltningane i Sverige og Danmark og har nå vore i drift i eitt år med gode resultat. Jernbaneverket har vore initiativtakar i prosjektet, og systemet vert operert og drifta av Jernbaneverket, Bane Energi.

Direktør Terje Stømer i Bane Energi er godt nøgd med det nye målesystemet for straumforbruk i tog. Foto: Njål SvingheimInteressa for systemet er stor frå andre land i Europa, da noko tilsvarande system som fungerer over landegrensene førebels ikkje eksisterer. Straumforbruket til togframføring vil kunne reduserast vesentleg når togselskapa utnyttar det datagrunnlaget som systemet gir dei. Internasjonalt reknast det med ei innsparing på minst 10%, noko som gir en monaleg miljøgevinst. Togselskapa får i tillegg milliongevinstar i form av lågare straumrekningar.


Togtrafikken i Noreg bruker årleg om lag 700 GWh (gigawattimar) med elektrisk energi. Ein reduksjon på 10% utgjer difor 70 GWh, som i staden kan gå til å erstatte t.d. importert kolkraft eller til eksport. -Vi ser allereie nå monalege gevinstar for både miljøet og for økonomien i togselskapa, seier direktør i Jernbaneverket Bane Energi, Terje Stømer til BaneNettet. Sidan 1.januar 2007 har systemet som måler energiforbruket i alle tog med denne typen målarar vore i full drift.

Straummålar montert i motorvognsett type 72. (Foto: Reidun Jørgensen)Det nye systemet består av:

  • Energimålar i kvart tog/lokomotiv, som registrerer energiforbruk, energi som vert mata attende til leidningen, tidspunkt og posisjon (GPS).
  • En server i Belgia som mottar rådata frå alle målarane.
  • Ein avrekningssentral,i Noreg som mottar kvalitetssikra data frå serveren i Belgia. Dei data som vert tekne imot, dannar grunnlaget for fakturering til togselskapa og deira analysar av energiforbruk og sparepotensial.

Overføringa mellom tog og innsamlingsserver skjer trådlaust. Målareininga registrerer både den energien som vert brukt, og den som vert mata attende til nettet når moderne tog/lokomotiv bremsar med tilbakematingsfunksjon. Tilbakelevert energi vert godtgjort 100%, og togselskapa får såleis betalt for den straumen som vert levert attende til leidningen. –På denne måten vil det også lønne seg meir å bruke moderne lokomotiv som kan tilbakemate energi ved bremsing, seier Stømer. Nyare lok er også meir miljøvennlege ved at dei har eit lågare forbruk enn gamle lok.

I Noreg har vi tre-fire-hundre elektriske lokomotiv og motorvognsett i drift, og til saman i Skandinavia meir enn tusen. Når ein får slikt utstyr på plass i dei store jernbanelanda i Mellom-Europa, vil sjølvsagt også gevinstane bli tilsvarande større.

Norden lengst framme

Norden er nå først i Europa med eit system for energimåling i tog som fungerer over landegrensene. Neste år vil dei aller fleste svenske og danske tog montere desse målarane og knytte seg til avrekningssentralen som er lokalisert på Stortorvet i Oslo. I tillegg er testmålarar monterte i tog i fleire land og det føregår tingingar med store jernbaneforvaltningar i Europa om å innføre dette systemet i alle eigne tog. –Det er lett å tenkje seg at det kan sparast enorme kostnader for selskapa, noko som gir betre konkurransevilkår for jernbanedrift.

I rett tid

Dette vil også kunne tyde monalege reduksjonar i energiforbruket i jernbanesektoren i Europa, noko som også vil kunne gi eit godt bidrag i klima-kampen, seier Stømer. Sånn sett kjem det nordiske systemet på marknaden i rett tid. Dette gir norsk jernbanesektor og Jernbaneverket høg prestisje både nasjonalt og internasjonalt, og det er moro å vise at vi her nord slett ikkje er nokre sinkar når det gjeld utvikling, seier Stømer.

Det pågår samstundes arbeid innan fleire internasjonale jernbaneorganisasjonar for å presentere og eventuelt etablere dette eller tilsvarande system som ein standard i Europa.

Sentraleininga for registrering av energiforbruk ligg hos Jernbaneverket i Oslo og kan i prinsippet foreta slike registreringar for heile Europa, men det er mogleg at andre land etter kvart ønskjer å ha sine eigne registreringseiningar. Jernbaneverket Bane Energi har stått for prosjektet med støtte frå Banverket i Sverige og BaneDanmark. Utviklinga har tatt mange år og har kostet rundt 32 millionar kroner.

Straumforbruket i toga kan reduserast monaleg. (Foto: Njål Svingheim)Tenlig for togselskapa

 Tidlegare vart togselskapa fakturerte for energiforbruket sitt etter modellar ut frå mellom anna togtypar, tonnasje og køyrelengde på kvar strekning. Togselskapa så ikkje sitt eige forbruk, og det hadde derfor ingen innverknad korleis køyremønsteret var.

Nå har selskapa fått eit incitament for meir økonomisk køyring. NSB har t.d. starta simulatoropplæring av lokførarane sine for meir medvete haldning til økonomisk køyring. Målingar som er gjort på same togavgang med same materielltype syner at innsparingspotensialet på 10% er svært forsiktig rekna. Dermed blir vårt mest miljøvennlege transportmiddel enda meir miljøvennleg, og jernbanen gjer enda meir for å minske klimagassutslippa.

Alle tog i Noreg køyrer på straum produsert i vasskraftverk.