Straumbrot skaper forseiningar på Bergensbanen

Ved ti-tida torsdag 1. november oppstod eit straumbrot mellom Voss og Urdland på Bergensbanen. Dette fører til forseiningar i både gods- og persontrafikken.

Det oppstod skader på kontaktleidningen da eit godstog passerte like aust for Voss stasjon. Det må derfor gjerast utbetringsarbeid på straummforsyningsanlegget. Jernbaneverket har folk på staden og arbeider nå med å utbetre skadene så raskt som mogeleg.


Passasjerer i tog 602 frå Bergen til Oslo, blei transportert vidare frå Voss til Oslo, mens reisande med morgonekspressen frå Oslo til Bergen blei transportert med buss frå Urdland og vestover. Passasjerar med tog 64 frå Bergen til Oslo i ettermiddag, vil reise med lokaltogsett frå Bergen til Voss. Der vil det bli overgang til eit ordinært langdistansetog.