Stadig færre planovergangar

Jernbaneverket har lagt ned 64 planovergangar og gjort utbetrande tiltak på 92 så langt i år. – Og sjølv om det blir mindre pengar til planovergangtiltak neste år, har vi eit godt grunnlag for å oppnå gode resultat også i 2008, seier prosjektleiar i Jernbaneverket, Nils Moen.

Jernbaneverket jobbar kontinuerlig for å redusere risikoen for planovergangsulykker (foto: Njål Svingheim).I år vil det bli brukt rundt 90 millionar kroner på planovergangtiltak, mens det neste år vil bli sett av i underkant av 60 millionar kroner til dette føremålet. Likevel meiner Moen at et godt underlagsmateriale med omsyn til kva for planovergangar som bør prioriterast, og godt samarbeid med andre aktørar, vil gi gode resultat.

-Vi samarbeider blant anna godt med lokale vegkontor og ser at vi fleire gonger kan få lagt ned eller gjennomført andre tiltak på planovergangar i samband med vegprosjekt. Samtidig er det gjort mykje godt arbeid med omsyn til å identifisere dei planovergangane der vi har dei største utfordringane knytte til tryggleik, seier Moen.

Totalt har talet på planovergangar i Noreg krope under 4000 (ca. 3900), og rundt 1700 av desse er private planovergangar – ofte i tilknyting til landbruk. Kva for tiltak som vert sette inn på kvar plass, handlar mellom anna om overgangen er på offentleg veg eller ikkje, sikttilhøve, trafikkmengd og om toga har måtta køyre forbi overgangane med nedsett fart.

Nordlandsbanen vert prioritert

 Etter at det gjennom mange år har blitt prioritert å bruke pengar sør i landet, er nå Nordlandsbanen løfta opp når det gjeld planovergangstiltak.

-I fleire år fekk strekningar som Dovrebanen og Sørlandsbanen pengar til krengetogstiltak, men i fjor sommar vart det gjort ein omfattande jobb med å kartleggje tilhøva på Nordlandsbanen. Dette har igjen gitt grunnlag for å setje inn fleire tiltak der, seier Moen.

Kartleggingsarbeidet han siktar til skaffa Jernbaneverket langt meir kunnskap om kva for overgangar som har vore jamt i bruk – og korleis tilstanden på dei er.
I Jernbaneverket sine tre regionar; Region Aust, Vest og Nord er det lagt ned følgjesvis 11, 20 og 33 planovergangar hittil i år, mens det er gjennomført ulike tiltak på følgjesvis 19, 3 og 70 (per oktober 2007). På den omtalte Nordlandsbanen er det så langt i år lagt ned 7 overgangar og gjennomført tiltak på 21. På resten av jernbanenettet er dei fleste av planovergangstiltaka å finne på Bergens-, Dovre- og Raumabanen.

-Ein del av dei prosjekta som er gjennomførte i det siste, er ikkje registrerte i databasen vår ennå, så talet på tiltak er nok enda større. Men dei gir ein god peikepinn på kvar vi står i augneblinken, understrekar Moen.