Nye vurderingar for Ringeriksbanen

Jernbaneverket gjennomfører nå nye vurderingar av den planlagde Ringeriksbanen mellom Sandvika og Hønefoss. Siste gongen Stortinget handsama saka vart det vedteke at den vidare planleggingi skulle ta utgangspunkt i ei line via Åsa i Ringerike. Ved å byggje ein ny bane på ca. 35 kilometer kan ein spare Bergenstoga for opp mot ein time køyretid i høve til lina i dag.

Bergenstog på veg inn til Hønefoss. Foto: Njål SvingheimDet vart gjennomført omfattande planarbeid i regi av Jernbaneverket på slutten av 1990-talet etter vedtak i Stortinget. Planarbeidet er gjennomført på kommunedelplannivå med tilhøyrande konsekvensutgreiingar (KU) fase 2. Arbeidet med konsekvensutgreiingane vart formelt avslutta med sluttdokument av 28. august 2000. Hausten 2002 vart det vedteke i Stortinget at Åsa-alternativet skal leggjast til grunn for det vidare arbeidet med Ringeriksbanen. Det har ikkje vorte løyvd pengar til å starte arbeidet med banen.


Ringeriksbanen er ein ny jernbanetrasé mellom Sandvika og Hønefoss som vil gi Ringerike eit direkte banesamband til Oslo, og som kortar ned Bergensbanen med 60 km. Køyretida mellom Hønefoss og Oslo vil for snøggaste tog verte ca. 30 minutt, som er 50 minutt mindre enn for tog via Drammen, og 30-50 minutt mindre tid enn bil og ekspressbuss over Sollihøgda. I høve til stortingsvedtaket skal Ringeriksbanen greine av frå Drammenbanen i Sandvika. Avgreininga skjer i tunnel under Tanumåsen frå det nye dobbeltsporet mellom Sandvika og Asker.

Banen skal byggjast for ein dimensjonerande fart på 200 km/t for konvensjonelle (ikkje krengande) tog. I den nyleg framlagde moglegheitsstudien av høgfartsbanar i Noreg var Ringeriksbanen in føresetnad for dei tyske konsulentane da dei gjekk inn for lina gjennom Hallingdal som den kortaste mellom Oslo og Bergen. Ringeriksbanen vil kunne utgjere første etappe av ein høgfartsbane mellom dei to største byane i landet. Jernbaneverket byggjer nå ut strekninga Lysaker - Sandvika, noko som i 2011 vil gi vesentleg betre kapasitet på Drammenbanen.

Vurderingane hausten 2007

Det er ei såkalla konseptvalutgreiing (KVU) som igjen skal føre fram til ei ekstern kvalitetssikring av prosjektet (KS1) som nå går føre seg. Arbeidet tok til med ein "arbeidsverkstad" på Hønefoss 20. og 21.november der alle parter som saka vedkjem, var inviterte. Blant anna var kommunane langs heile Bergensbanen representerte; det same var fylkeskommunane, togselskap, Transportøkonomisk Institutt, miljøvernorganisisasjonar og andre interesserte.

KVU/KS1 er ei ny kvalitetssikring som finansdepartementet har innført for alle statlege investeringar som er rekna til å koste meir enn 500 mill. kr. Føremålet med KS1 er å få betre styring med planlegginga av store prosjekt på eit tidlig stadium. Ringeriksbanen har som prosjekt kome lenger i prosessen enn det som er vanleg når ein gjer ei slik vurdering, men det er likevel bestemt at KVU/KS1 skal gjennomførast for prosjektet nå. Resultatet av arbeidet skal gi ein behovsanalyse av prosjektet, eit strategidokument, ei kravdokument og ein analyse av alternativ til prosjektet. Dette skal så sendast på høyring til fylkeskommunar og kommunar før det vert oversendt til departementet og regjeringa som tar stilling til vidare planlegging.