Normal trafikk att på Bergensbanen

Søndag 4. november klokka 10.30, blei strekninga mellom Urdland og Voss på Bergensbanen opna att etter å ha voret stengd i over eit døger på grunn av ei masseutgliding.

Det var om morgonen laurdag 3. november at strekninga Urdland-Voss måtte stengjast etter ei masseutgliding ved Lunderosen. Massane tok også med seg ei kontaktledningsmast, som førte til store skader på straumforsyningsanlegget. Jernbaneverket sette straks i gang utbetringsarbeidene og jobba kontinuerleg døgret gjennom for å få opna strekninga så raskt som mogeleg. Det blei fylt på heile 50 kubikkmeter masse under - og ved sida av jernbanesporet. Samstundes måtte gjerast omfattande arbeider på straumforsyningsanlegget. Under anleggsperioden sette NSB opp busser for tog for dei reisande.