Klima: -Meir robuste baner blir naudsynt

Det blir naudsynt for Jernbaneverket å gjere sporets underbygning sterkare i utsette område som ein følgje ev stadig meir nedbør og større svingningar i vertilhøva. Det seier leiar av Jernbaneverkets rasutval, Trond Børsting.

Visitasjon er viktig når nebøren auker. (Foto: Njål Svingheim)Det norske jernbanenettet må gjerast meir robust for å stå imot klimaendringane. I tillegg skal varslingstenester og beredskap forsterkast ytterlegare.


Jernbaneverket har allereie kome langt med å detaljkartleggje dei mest utsette banene med tanke på fare for ras- og utglidingar. Geologer lagar nøyaktige rapportar for alle banestrekningar som syner kor og kva for rådgjerder som vil vere naudsynte for å sikre banene betre for å møte klimaendringane. Bergensbanen, Sørlandsbanen og Nordlandsbanen er dei strekningane som fyrst blir kartlagde, men alle område som kan vere utsette skal kartleggjast av geologar.

Meir robuste banar

-Dei rådgjerdene som må gjennomførast vil variere frå forsterkningar og utvidingar av jernbanefyllinger, dimensjonering av stikkrenner under sporet og reinsking og utvidingar av dreneringssystema langs banane. -I tillegg kjem tryggjing av fjell i skjeringer og sideterreng, seier sjefingeniør og leiar av rasutvalet i Jernbaneverket, Trond Børsting. Dette er tiltak som vil settje jernbanenettet i stand til å tåle meir nedbør og større endringar i ver og temperatur. Når kartleggjingsarbeidet er ferdig blir det laga rapportar for kvar einskild strekning som grunnlag for detaljerte planar for tiltak på de einskilde stadene. -Det er allereie klårt at dette blir omfattande rådgjerder, men kva dei vil koste er det for tidleg å seie noko om, seier Børsting.Trond Børsting er leiar av Jernbaneverkets rasutvalg. Foto: Njål Svingheim

Auka beredskap

I tillegg til å gjere banane sterkare meir robuste mot uver, vil det også bli naudsynt med tettare overvaking av ver og klima. Jernbaneverket har eit samarbeide med Meteorologisk Institutt om byggjing og drift av verstasjonar langs linene. -Fleire er allereie sett i drift og vi ynskjer å utvide talet, seier Børsting. På den måten vil Jernbaneverket få endå betre oversyn over korleis veret er lokalt langs dei utsette strekningane. Jernbaneverket har eit system med ein trinnvis beredskap:

  • Grønn beredskap: Nedbørsmengda tilseier varsling av mannskap, kontroll av stikkrenner og vann langs sporet, kontroll i høve til jordras og steinsprang.
  • Gul beredskap: Opptrapping av visitasjonsrutinane, vurdering av vaktmannskap på utsette stader og mogeleg innføring av redustert fart.
  • Raud beredskap. Nedbørsmengda innanfor 12 timer frå uveret starta er så stor at banestrekninga må stengast for trafikk inntil vidare.

Jernbaneverket samarbeider med Meteorologisk Institutt, Norges Geologiske Undersøkelser og Norges Geotekniske Institutt. I tillegg går det føre seg eit tett samarbeid med Statens vegvesen som har mange av dei same utfordringane.