Jernbaneverket sin nye godsterminal på Ganddal i Sandnes skal driftast av Terminaldrift AS

Jernbaneverket har gjeve tenestekonsesjonen for drift av Ganddal godsterminal til selskapet Terminaldrift AS. Terminaldrift AS er eit datterselskap av CargoNet AS og skal stå for alt terminalarbeid på den nye godsterminalen i Sandnes kommune.

Jernbanedirektør Steinar Killi (tv) og styreleiar i Terminaldrift AS Halvdan Blytt når dei skriv under kontrakten. (Foto: Øystein Grue)Ganddal godsterminal er bygd av Jernbaneverket og finansiert over statsbudsjettet. Jernbaneverket vil stå som eigar av terminalen, mens sjølve drifta nå er tildelt Terminaldrift AS etter at tenestekonsesjonen har vore ute på konkurranse.

- For Jernbaneverket har det vore viktig å sikre at den nye terminalen driftast på ein nøytral måte og at alle brukarar av terminalen vert handsama likt. Gjennom dei avtalene som nå er inngått med Terminaldrift AS, har vi sikra dette på ein god måte, seier jernbanedirektør Steinar Killi.

Terminaldrift AS vil overta personalet som i dag driv CargoNet sin terminal i Stavanger og kan trekkje på røynslene og den kompetansen som er bygd opp på det området gjennom fleire år. – Eg er derfor trygg på at det er ein profesjonell driftsorganisasjon som vil stå for verksemda på Ganddal, seier jernbanedirektøren.

Ganddal godsterminal skal etter planen takast i bruk ved kommande årsskifte.

Fakta om Ganddal godsterminal

  • Godsmengd 86.000 tonn første år
  • Nest største terminal i landet
  • Kostnad: 458 millionar kroner
  • 3 spor med lastegater på 600 m, spor for m.a biltog og skiftespor
  • Byggestart desember 2005, opning planlagd i januar 2008
  • Areal: 340 dekar

Kontaktperson: Etatsdirektør Marked og kommunikasjon: Svein Horrisland, tlf 916 55155