Ikkje normal trafikk på Bergensbanen før søndag 4. november

Laurdag morgon 3. november, blei strekninga mellom Urdland og Voss stengd, etter at ei kontaktledningsmast falt ned på grunn av ei masseutgliding ved Lunderosen. Omfanget av skadane fører til at det ikkje blir normal trafikk på Bergensbanen før søndag 4. november.

Jernbaneverket har folk på staden nå, og arbeider med å utbetre skadene, etter at både ei mast og ein del masse har glidd ut. Årsake er store vannmasser i området dei siste dagane. NSB syter for alternativ transport for dei reisande på Bergensbanen mens arbeidene går føre seg.