Enda ein rekord på Flåmsbana

Flåmsbana kjem nok ein gong til å setje ny passasjerrekord i år. -Vi reknar med 580 000 passasjerar i løpet av året, seier driftsleiar Sivert Bakk i Flåm Utvikling. Det meste av turistsesongen er nå over, og planlegginga for neste år er allereie godt i gang. Flåmsbana er eit av dei mest vitja turistmåla i Noreg.

Enda ein gong set Flåmsbana ny passasjerrekord. 580 000 kjem til reise med bana i år. Foto: Njål SvingheimDei siste ti åra har passasjertala på Flåmsbana auka kvart einaste år. Aukinga i år vil bli på om lag 12%. -Vi er sjølvsagt særs glade for at tala også i år viser ein solid auke, seier driftsleiar Sivert Bakk til Jernbaneverket sine nettsider. -Vi legg nå stor vekt på å halde på dei gode passasjertala og å utvikle Flåmsbana og Flåm som reiselivsprodukt til å bli enda betre, seier han. I fjor hadde selskapet Flåm Utvikling, som står for marknadsføring og drift av togtrafikken på Flåmsbana, eit overskott på 16 millionar kroner. Turistane legg i tillegg att store beløp på overnattingsbedrifter, spisestader og i butikkar når dei vitjar turistmagneten inst i Sognefjorden.

Plass til fleire

 -Det er nok mange som opplever at toga på Flåmsbana er stappfulle, seier Sivert Bakk. Men faktum er at vi har eit gjennomsnittleg passasjerbelegg på 50%. Det tyder at det er plass til mange fleire på Flåmsbana, men vi må bli flinkare til å fordele trafikken på alle avgangane våre. I sesongen frå 1.mai til sist i september køyrer vi heile ti tog i kvar retning på bana; i resten av året går det fire tog kvar veg. -Nå vil vi freiste å få folk til å velje avgangar med mindre trafikk, særleg er det god plass på ettermiddags- og kveldsturane, seier Bakk.

Driftsleiar Sivert Bakk i Flåm Utvikling er godt nøgd med trafikken på Flåmsbana. (Foto: Njål Svingheim).Rassikring

 Jernbaneverket har dei siste åra satsa mykje på rassikring av Flåmsbana. -Vi er veldig glade for den innsatsen Jernbaneverket legg ned i form av rassikring, seier driftsleiaren i Flåm Utvikling. Region Vest har gjort omfattande sikringsarbeid i det mildt sagt krevjande terrenget øvst i Flåmsdalen der store rassikringsnett og rasgjerde er sette opp. Nå held arbeidet fram med rassikring til nye rasutsette område nedover den bratte dalen. -Neste år er det planlagt tiltak for å sikre seg best mogleg mot ras frå sideterrenget fleire stader nedover dalen, fortel banesjef Norvald Skjoldli. Det skal også monterast fleire vegsikringsanlegg og nytt sikringsanlegg på Berekvam stasjon, midt mellom Myrdal og Flåm.

NSB står for framføringa av toga på Flåmsbana, Jernbaneverket har ansvaret for bane og trafikkstyring.