Les hele bladet

Jernbanemagasinet er både eit internt blad for Jernbaneverket og eit eksternt jernbanemagasin.

Målet med Jernbanemagasinet er å informere om store og viktige saker i Jernbaneverket og setje dagsordenen med aktuelle saker om norsk og internasjonal jernbane. Vi ønskjer også å vere ein arena for debatt og meiningsutveksling om jernbane spesielt og samferdsle generelt.

Jernbanemagasinet kjem ut med seks nummer i 2016 og har eit opplag på om lag 7500. Alle tilsette i Jernbaneverket og dei pensjonistane som ønskjer det, får bladet. Vidare vert det sendt til regjeringa, departementa, Stortinget, fylkeskommunane og kommunane langs jernbanenettet i Noreg samt til media. Alle som jobbar med  jernbane og samferdsle, kan abonnere gratis på Jernbanemagasinet.