Jernbanemagasinet banner
Togreisen

Størst i Europa

Det var ein gong eit middels stort jernbanemuseum …

BARNEVENNLEG: Vi går og går, til slutt kan det vere greitt å ha ei gul stripe å balansere på. Foto: Marit Bendz

Når Cité du Train no feirar tiårsjubileum for reopninga i 2005, er det som det største jernbanemuseet i Europa, med nærare 200 tusen besøkande i året. Men ordet «museum» er fjerna frå namnet.
  Det er lett å gå seg bort i dei enorme hallane, det er lett å skvette når dei gamle toga brått byrjar å pruste og pese, eller tute. Lydane er autentiske, sjølv om dei kjem frå høgtalarar. Ulike stasjonslydar frå ulike tider gjer ei vandring gjennom hallane til ei tidsreise. Det er nettopp bruken av lyd, lys og andre visuelle effektar som har gjort museet til ein suksess. 
  Her går ein ikkje berre gjennom 150 år med jernbanehistorie, ein går gjennom den europeiske historia med utvandringa til Amerika, to verdskrigar og utviklinga av turismen.

Transformasjonen
Ideen om eit jernbanemuseum i Frankrike er over hundre år gamal. Etter endelause lokaliseringsdebattar, på høgde med dei vi kan ha her i landet, bestemte styresmaktene seg for å plassere samlinga av gamalt materiell i Chalon sur Marne.
  Nokre år seinare nedsette Société Industrielle de Mulhouse ein komité for å sjå om det var mogleg å etablere eit museum i Mulhouse. Kommunen stilte med gratis tomt. I 1969 gjekk dei franske statsbanar SNCF med på å flytte materiellet dit.
  Jernbanemuseet i Mulhouse, nær grensa til Tyskland, opna første gongen i 1971. Det vesle museet vart bygd av entusiastar og romma 13 lokomotiv. Det vart ein suksess, så styresmaktene i byen bad dei byggje eit større museum, med hjelp frå SNCF. Stadig nye gamle lokomotiv, vogner og andre rullande materiell kom inn, og det første museet vart fort for lite.
  I 1983 var fleire tog på plass, i ny og større bygning. Men utover 90-talet dabba besøket av, det hadde vorte mest ein stad der tekniske nerdar kunne rusle rundt. Noko måtte gjerast. I 2005 var transformasjonen til eit moderne og publikumsvennleg jernbanemuseum ferdig, og i tillegg vart Sylvain Vernery tilsett som «directeur general», museumsstyrar.

Vi er størst og viktigast i Europa no, men snart skal vi bli størst i verda.

SYLVIAN VERNERY,  museumsstyrar

Frå museum til senter
Han er innom kontoret sitt som snarast, i arbeidsbukse og boblevest. Han har vore oppe sida klokka fire i dag tidleg og rydda etter eit arrangement.  I går var nemleg heile turistnæringa i Mulhouse samla her, kring 250 menneske som drøfta framtida for turismen i Alsace-regionen. Den har ei tung industrihistorie, og Mulhouse var tidlegare ein stor industriby.
  – Vi vil utvikle turismen kring denne historia, på same vis som Liverpool har gjort i England.  Det var også  ein trist plass, men dei har klart å skape noko det er verdt å besøke. Vi har dei same ideane her, fortel Vernery.
  Han fortel om finanskrisa, som var ei av årsakene til at besøkstala gjekk ned på 90-talet.
  – Det same skjedde forresten ved alle musea i Frankrike, fortel Vernery, og legg til at for  franskmenn gjev ordet «museum» assosiasjonar til noko gamaldags og lite interessant.
  Difor var det ikkje berre innhaldet som måtte fornyast.- Ordet museum vart fjerna frå namnet, som vart endra til Cité du Train.
  Ifølgje Wikipedia er Cité du Train det største jernbanemuseet i verda. Vernery nøyer seg med å titulere det som størst i Europa.
  – Vi er størst og viktigast i Europa no, men snart skal vi bli størst i verda, gliser han.
  Cité du Train er ope alle dagar heile året utanom første juledag, og har berre tolv tilsette. Korleis er det mogleg, med mellom hundre og to hundre tusen besøkande i året? Det har mykje med Vernery sjølv å gjere.

REVOLUSJONERTE MUSEET: Sylvain Vernery er «directeur general», museumsstyraren som også vaskar dass. Foto: Marit Bendz

Frå tanks til tog
Vernery har vore offiser i den franske hæren og sjef for ein stridsvogn. Seinare hamna han i  hotellbransjen. Han starta på golvet med å parkere bilane til hotellgjestane. Åtte år seinare var han direktør på eit firestjerners hotell. Dermed var det tid for å vende attende til store, bråkete maskiner. Den varierte arbeidserfaringa har vore til god nytte, meiner han.
  – Eg liker store maskiner som lagar mykje lyd. Folk trur at ein museumsdirektør må vere eit kulturelt menneske i dress, som stort sett arbeider på kontoret sitt. Jo da, eg gjer ein stor administrativ jobb også. Men eg er også mekanikar, lagar utstillingar, viser publikum rundt, vaskar toalett... mange tykkjer det er rart, men det er nettopp difor dette er ein så interessant jobb.
  Difor veit han aldri kva slags klede han skal ta på seg om morgonen, eller korleis dagen vert avslutta.
  – Fortida mi i hotellbransjen gjorde at eg fekk ein ide; det må vere mogleg å leige delar av museet for private selskap, bedrifter og familiar, middagar og kurs. No har vi kring eitt arrangement i månaden, med alt frå 20 til 700 deltakarar.

Om eg vil at andre skal vaske toaletta, må eg og vaske toaletta. Slik er det

SYLVIAN VERNERY

Smil og sørvis
Andre jernbanemuseum av ein viss storleik forstår ikkje korleis dei klarer det. Då Vernery deltok på ei samling i Japan, nekta kollegaer frå verda rundt å tru det. 
  – Det var direktørar der med halvparten av vårt materiell og 150 tilsette, ler han.
  Korleis dei klarer det? Dei er ein samansveisa gjeng, som ein stor familie der alle forstår kva som må gjerast til ei kvar tid. Alle har opne auge og tek eit tak der det trengst. 
  – Heile gjengen er veldig entusiastiske, sjølv må eg heile tida vere eit godt førebilete. Om eg vil at alle skal jobbe, må eg og jobbe. Om eg vil at andre skal vaske toaletta, må eg og vaske toaletta. Slik er det. Dersom du skal jobbe her, må du elske det. Dersom du berre vil ha ein jobb for å tene pengar, kan du ikkje jobbe her.
  Han kjem ikkje med noko nærare informasjon om arbeidsmiljølov og arbeidstider. Men ut i frå dei blide jentene i resepsjonen og restauranten og folk elles på museet, ser det ut til at han har rett. Dei elskar jobben sin, og dei handterer dei besøkande som var dei kongelege, alle saman.

GODSVOGN: Kva fraktar dei her, tru? Foto: Marit Bendz

Entusiastar
– Dei fleste har jobba her lenger enn meg, nokre i tjue og tretti år, fortel han. Dette er entusiastar med glødande interesse for tog og jernbanehistorie. Men nokre har han sjølv tilsett. 
  – Eg har prøvd å velje folk som har evne til å gjere dei besøkande glade. Dei skal ynskje alle velkomne, dei skal selje noko interessant, det skal vere reint og innbydande her, og smil er veldig viktig.
  Han har sørvisinnstillinga med frå hotellbransjen. Det er ikkje luksusen hotellgjestane hugsar, det er ikkje den overdådige senga dei betaler for, det er den hyggjelege resepsjonisten.
  – Dersom du smiler, kan du selje møkk, ler han. På nettsida til TripAdvisor lyser talet 95 prosent nøgde gjester.

ELEKTRISK LOKOMOTIV: Konstruktør var Compagnie Electro ­Mécanique et Fives Lille. Det var i drift frå 1933 til 1980. Foto: Marit Bendz

Barn elskar Cité du Train
Det seier noko om fascinasjonen når ein fireåring har opplevd både dette museet og Miniatur Wunderland i Hamburg på same turen. Det var ikkje modelltogverda som gjorde mest inntrykk, det var dei store, ekta kolossane i Mulhouse, utan at noko var spesielt lagt opp for ungar, anna enn eit lite elektrisk tog dei kunne køyre rundt med både ute og inne. Det var heller ikkje favoritten til fireåringen. Det var dei gamle kjempene som stod rolege på plassen sin der inne i den mørke hallen.
 
NATT PÅ STASJONEN: Kva er turistar og kva er dokker? Foto: Marit Bendz


FAKTA

Cité du Train, Mulhouse i Frankrike

Samla areal: 45 tusen kvadratmeter 

Hallane: 15 tusen kvadratmeter 

Tog frå 1844 og fram til ein oransje, klassisk TGV frå 1981, sett på plass i 2015

1350 meter spor 

Den eldste, rehabiliterte hallen rommer jernbanehistoria frå 1850 til 1950, Jernbanens gyldne tidsalder:

  •  Tog frå den industrielle revolusjon
  •  Damptoghistorie
  •  Elektriske tog og dieseltog
  •  Utstilling av signalutstyr
  •  Jernbanevogner
  •  Bugatti lokomotiv med fartsrekord på 330,8 km/t frå 1955.

 

Utstillingane

Utstillingane i den nye hallen frå 2005 er delt inn i seks tema:

  • Jernbane og ferie (Les jolies colonies de vacances)
  • Jernbane i fjella  (Le Chemin de Fer et laMontagne)
  • Offisielle tog (Les trains présidentiels)
  • Jernbane og krig (Le Chemin de Fer et la Guerre)
  • Jenbanearbeiderane (Le Monde des Cheminots)
  • Reisa (L’Univers du Voyage)