Jernbanemagasinet banner
Togreisen

Mafia og magma

Sicilia er vulkansk og eldfull på alle måtar. Bli med på eit forsøk på øyhopping med tog.

Foto: Jan Ludvig Hunvebakke og Marit Bendz
Foto: Jan Ludvig Hunvebakke og Marit Bendz

Men først må vi hoppe frå Sardinia til Sicilia. Ferja er kansellert, det er fem dagar til neste. Hamna i Cagliari er enorm, billettkontoret er stengt, og vi er ikkje sikre på om båten til fastlandet går heller.

Fleire reisande kjem, så etter ein tur innom vaktbua for kopiering av pass, kontroll og skanning av både oss og bagasjen, traskar vi ein halv kilometer bortetter kaia til eit anna billettkontor. Alle framfor oss i køen betalar med kontantar. Vi har berre kort. Tek dei kort? Pengekontrollmaskina streikar. Prentaren er nesten tom for blekk. Men dei tek kort, og vi svever ut att med billettar inkludert lugar til Civitavecchia nord for Roma. I morgon kveld skal vi etter planen vere på Sicilia, via Roma.

Morgontoget inn til den italienske hovudstaden er smekkfullt. Kanskje er det restaurantvogn på toget vidare? Det har vore mykje knekkebrød med smøreost dei siste par dagane. Ein time forseinka ruller vi sørover att under svarte skyer der små tornadoar heng ned som navlestrengar. Restaurantvogna vantar, men ein triveleg kar kjem innom seksmannskupeen og deler ut gratis vatn og ein croissant til kvar. Vulkanøya Stromboli blenkjer i solnedgangen, og endeleg køyrer toget inn på ferja i Reggio di Calabria. Lysa frå Messina nærmar seg medan ein ung sicilianar fortel at han lengtar seg sjuk etter siciliansk mat. Men det vert ikkje frå grytene til mor. Han skal heim for å stelle grava til foreldra.

Endeleg – halvannan time forseinka er toget framme i Catania, to trøytte interrailarar stuper inn på det første og beste hotellet ved jernbanestasjonen og i seng.

Eit glimt av Cosa nostra
Catania er nest største byen på Sicilia, ein hardt råka by ved foten av Etna. I 1669 vart mesteparten av byen øydelagd då ein seig lavastraum strøymde ned fjellsida. 12 000 menneske omkom. 24 år seinare tok jordskjelv livet av 20 000 til. Ein aprilkveld 2013 sklir ein underleg, seig sosietetsstraum over Piazza Bellini. Først kjem to pansra bilar med sota vindauge. Etter dei sklir eit tog av svarte dressar og spisse, blankpolerte sko, stolaer og vesker til prisar utanfor vår fatteevne. Det blenkjer i gulløyredobbar og klikkar i skyhøge helar. Her kjem dei som elskar Berlusconi. Sist i toget kjem dei som hatar han: musikarar, skodespelarar og kunstnarar. Det er straumen ut frå Teatro Massimi Bellini.

Tour de Sicilia
Syklistane her har kondomdress. Nei, ikkje Inga Blesterstuen med full oppakning og på jakt etter telt. Ho skal sykle frå Catania og heim til Noreg på to månader. Vi er grøne av misunning, der vi står med våre to leigesyklar klar for ein liten byrunde. Første stopp er Borgo Circumetnea stasjon, utgangspunktet for det vesle toget rundt Etna.

Vi parkerer og låser syklane saman, men ikkje til gjerdet, amatørar! Ein liten time seinare er dei borte. To slukøyra kundar sit utanfor sykkelverkstaden neste morgon. Men Davide de Rose vert glad.

– Vi var redde for at sykkeltjuvane har vorte så utspekulerte at dei tek med seg syklar som er tjora fast til noko. Dette er ei gledeleg melding, seier han trøystande. Han tek imot 30 euro for kvar stolne sykkel og leverer to nye, gode klatrarar og fem låsar attende. No skal vi oppover Etna. Syklane slepp vi ikkje av syne, og dei får stå ved senga om natta.

Toppen av Etna ligg fint i syninga mellom to hus. Det er kveld. Dei to syklistane er slitne etter over tusen høgdemeter klatring. Kva er det der oppe på toppen, ein lyskastar? Nei men – det er jo utbrot! Av og til er det ei meining med kansellerte ferjer og endra reiseruter, slik at togturen rundt Etna – Cirkumetnea – vert flytta til den dagen Hefaistos har fyrt opp essa si.

Vulkanturisme
Den private smalsporbanen vert driven av same selskap som metroen i Catania, den sørlegaste i Europa. Både Catania Metro og Circumetnea vert no modernisert. Sicilianarane satsar på Cirkumetnea som turistmål med nye stasjonar og strekningar med dobbeltspor.

Det har slutta å renne seig magma ut av Etna, men framleis veltar svart røyk ut. Vi kan studere den frå alle kantar medan landskapet skiftar frå gule enger til grøne skogar, frå frodige oliven- og appelsinlundar til vulkanske månelandskap. Toget vart tidlegare nytta av bøndene frå landsbyane til markene.

I Giarre står ein eldre herre og ser fascinert opp mot røykskyene. Det buldrar der oppe som torever. Han viser oss restane av eit oskelag i sporet. For berre nokre veker sia hadde Etna eit liknande utbrot. Så byrja det å regne, og oska la seg som eit fleire centimeter tjukt teppe over heile byen.

Med tog???
Intercitytoga mellom dei største byane går rimeleg fort, også reisa frå Catania til Agrigento. Det er endestasjon no, etter at lina herifrå langs vestkysten til Castelvetrano vart lagd ned for femten år sidan. Når vener skal bu eit år på Sicilia, buset dei seg sjølvsagt i Sciacca der stasjonen vert nytta som lager for fritidsbåtar. Delar av skjenegangen kan nyttast som turveg, men brått kjem eit gjerde, eit hus eller tett tornekratt. Tog er ikkje kult på Sicilia. Her er det bilen som gjeld.

– Det er mykje staffasje, fortel førdianarane som bur her. Dei fleste turistane køyrer bil, eigen eller leigd. Folk set opp dei underlegaste grimasar når dei høyrer at vi reiser med tog. Det går jo så sakte. Det er ukomfortabelt.

– Vi har det ikkje travelt, og det er fint å sjå Sicilia frå togvindauget, forklarer vi. Dei byrjar å snakke om andre ting, helst om kva dei skal ete til middag. Heime snakkar vi om jobben og billeg mat. Her har dei ikkje jobb og snakkar om kvalitetsmat.

Ingen her trur det går tog frå Castelvetrano til Palermo. Men det gjer det, heldigvis. Sakte, men komfortabelt nok.

Heimover
Ingen tog har same lyd. Dette plystrar i samanføyingane sjølv om det er ganske nytt og fint, med to sykkelstativ og treseterssofa i vogna for funksjonshemma og pedalryttarar. Toget passerer triste byar med rusta heisekranar, vindskeive stillas lener seg opp etter halvferdige hus. Søppel, forfall og nedlagde fabrikkar. Vi ser lite folk og mange attgrodde hagar. Men også fargerike åkrar – dei ligg som usymmetriske lappeteppe over slakke åsar der vindmøller roterer sakte rundt. Nokre jorde er dekte med solcellepanel.

Enn så lenge går nattog frå Palermo til Roma, men det er snakk om å leggje det ned. Vi skal rekke fram til norskegrensa før interrailbilletten går ut om tre døgn og saknar Thomas Cook Rail Timetable. Det vert ein kamp mot tida, mot sleske billettseljarar og forseinka tog. Returen inkluderer overnatting på ein benk på ferjekaia i Rødby. Vi er møkkete, svoltne og lengtar etter senga vår. Vi rekk Oslo-toget. Vi kom oss heim.

FAKTA: Øyhopping med tog DEL 3
Korsika, Sardinia og ­Sicilia har vore isolerte og okkuperte. Folk har kjempa for fridom og sjølvstyre, mot fønikarane og romarane, Kartago og Bysants, Pisa og Genova. Dei har vore her alle saman; også det spanske kongedømmet Aragon og Frankrike, som til slutt sigra på Korsika. Sardinia og Sicilia er italienske. Trass i mykje felles historie er øyene ulike. Korsika er ugjestmild og litt mystisk, Sardinia er mildare og vennlegare. Sicilia er vulkansk og eldfull på alle måtar. Bli med på eit forsøk på øyhopping med tog over dei tre øyene. Det går ikkje heilt som planlagt.

FAKTA: Sicilia
Innbyggjarar: 5 000 000

Hovudstad: Palermo

Offisielle språk: Italiensk. Dei fleste snakkar siciliansk, eit romansk språk med innslag av arabisk, tysk, katalansk, fransk og spansk.

1 378 km jernbane i drift, over 60 % er elektrifisert,­ resten diesel Jernbaneselskapet Trenitalia driv alle bortsett frå Ferrovia Circumetnea (110 km) God bok: Andrea Camilleri; krimbøkene om inspektør Salvo Montalbano Gamle steinar: Dei greske templa i Valle dei Templi ved Agrigento Bildetekster: Utbrot: Den 110 km lange rundturen kring Etna tek omtrent tre timar dersom toga korresponderer. Planlegg du godt, viser vulkanen seg fram.