Jernbanemagasinet banner
Togreisen

Sardinia

Ifylgje D.H. Lawrence er Sardinia gløymd mellom Europa og Afrika.

VINTERSTENGD: Tempio Pausania stasjon ligg langs turistruta mellom Palau og Nulvi/Sasari. Dette toget har nok gått for aller siste gong.
VINTERSTENGD: Tempio Pausania stasjon ligg langs turistruta mellom Palau og Nulvi/Sasari. Dette toget har nok gått for aller siste gong.

Vi startar den vakre togreisa over øya med sardinsk haik og avsluttar med eit sardonisk smil. Det siste er ikkje vakkert.

«Når det ikkje går (verken tog eller) buss dit du ska’, så kan du vel nå dit i alle fall», syng optimisten og sleng ut tommelen. Vi har kome med ferja frå Korsika til Santa Teresa di Gallura på Sardinia, der det aldri har vore jernbanestasjon, og bussen til Olbia går ikkje før om tre timar.

Etter tre kvarter stoppar Charlotte og Romolo, eit ungt par med gammal bil på veg til Palau. Om sommaren er det råd å ta Trenino Verde, det grøne toget, herifrå til Sassari, men vi er utanfor turistsesongen. Etter ein del trasking og leiting etter busstasjonen rekk vi akkurat ein buss som skal vidare til Olbia.

GALLERISTASJONEN: To arkitektar nyt synet av bonderomantikken til sardinske kunstmålaren Giuseppe Biasi på veggane på Tiempo Pausania.

Kulturminne

Vanlegvis kjem tog inn på baksida av byar, gjennom slum og industriområde. Ofte ligg stasjonen i utkanten. Slik er det ikkje i Olbia. Her ligg han i sentrum, og toget går tvers igjennom det mest trafikkerte vegkrysset i heile byen. Det er eit virvar av bommar, bjøller og bilkøar når toget er i kjømda.

Også Sardinia er prega av den økonomiske krisa. I sentrum i Olbia er det berre dei dyre kjedebutikkane som framleis har råd til å leige lokale.
– Turistane held seg stort sett på strendene langs kysten. Kanskje stoppar dei ein dag i Olbia, på veg frå flyplassen, fortel Mariangela Scalas. Vi møtte ho og arkitektmannen Giovanni Fara under påskeprosesjonen i Sartène på Korsika, og dei har invitert oss på tur til ein nurage.

Vegen svingar seg gjennom eit knudrete og frodig landskap med landsbyar på toppane, opp og ned slakke grøne lier med olivenlundar. Husa er meir fargerike enn på Korsika. Stein ligg strødd utover, og granittsteinbrota ligg som store, opne sår i landskapet.

Italia har altfor mange gamle kulturminne. Den økonomiske krisa gjer at det vert enda vanskelegare å ta vare på alle. Giovanni meiner at andre land burde adoptere kvar sin del.
– Sjøfartsnasjonen Noreg kan til dømes ta ansvaret for Venezia, foreslår han.

STARTAR I JUNI: Trenino Verde frå Palau startar ikkej sesongen før i midten av juni.

Nuragane

Det er spor etter kring 8000 nuragar på øya, kjegleforma steintårn som er mellom tre og fire tusen år gamle og finst berre på Sardinia. Ingen veit sikkert kva dei vart nytta til, og utgravingane av dei har nettopp byrja. Har dei vore forsvarsverk? Tempel? Bustader for landsbyherskarane? Gaiden på Nuraghe la Prisgiona avviser alle teoriane.
– Dette var fredelege, egalitære samfunn, dei hadde ikkje trong for forsvar. Sjå her er forsamlingshuset med plass til kring 14 menneske i ein sirkel, peikar han ivrig. Han er sikker på at her vart avgjerder tekne av eit byråd.
– Det var matriarkalske samfunn både her og på Korsika, øyene var isolerte i fleire tusen år før alle kom for å erobre dei, seier gaiden. Kanskje var det denne matriarkalske tradisjonen som førte ei kvinne til makta på Sardinia seint på 1300-talet. Eleonora di Arborea var dommar, folkehelt og dronning. I 1395 innførte ho eit nytt og radikalt lovverk Carta de Logu, som mellom anna gav kvinner eigesdomsrett. Desse lovene stod ved lag heilt til 1827.

HAIK: Romolo Massa og Charlotte Donya er reddande englar når det verken buss eller tog.

Trenino Verde

Ein gong var det tett med smalspora jernbanar på Sardinia, traseane vart bygde av norditalienarar for å frakte tømmer frå fjella. Mange vart lagde ned så seint som på 1990-talet. Framleis tuslar nokre få av dei grøne, små toga frå juni til august, men her må ein sjekke år for år kva som framleis er i drift og når dei går.

Togstasjonen i Tempio Pausania opnar ikkje før i juni, men er i god stand, takka vere veggmåleria til den lokale kunstnaren Giuseppe Biasi. Venterommet er dekorert med nasjonalromantiske skildringar av livet på den sardinske landsbygda.

Elles er det framleis råd å gå langs fleire av dei nedlagde skjenegangane, men særleg oppløftande er det ikkje å sjå ei fargerik toghistorie forfalle.

STEIN OG VIND: "Munken" studerer dei nye naboane på åskammen. Vindkraft er lønsamt i Italia, og der det er pengar å tene, er mafiaen aldri langt unna.

Folketog og festtog

Vi skal krysse Sardinia. Dei frodige grasmarkene lyser kvite i morgondoggen. Ein slår graset mellom rekkene med vinranker. Her og der er det framleis vasspyttar på jorda etter all nedbøren dei siste vekene. Vindmøller snurrar sakte på ein åskam.

Landskapet vert flatare lenger sør. Vi fyk forbi nedlagde stasjonar. På Solarussa er det berre ein klesvask som vinkar til toget, dragsuget gjev han vel litt ekstra tørk.

Seta er bratte i ryggen, så det er vondt å vere trøytt. Eg tek av skoa og legg beina opp i setet overfor meg, men får kjeft av konduktøren.

Jo lenger sør vi kjem, jo meir kaktus, jo meir vår. Knoppane på druerankane vert større og større, og får til slutt eit utprega grønskjær.

Frå Monserrato ved Cagliari går toget nordover til Mandas, der ein om sommaren kan velje den lengste og vakraste turistruta i heile Italia (159 km) til Arbatax ved kysten eller vidare nordover til Sorgono. Du kan òg leige ditt eige tog med damplokomotiv og så mange vogner du ynskjer til ei annleis bursdagsfeiring, men då må du verkeleg bla opp ein bunke tusingar. I særskilde høve er det råd å leige den gamle Fiat 509 frå 1929, som vart nytta til inspeksjon langs sporet. Men ikkje har vi noko å feire og ikkje har vi tusingane som skal til heller.

CAGLIARI STASJON: Hovudstaden på Sardinia vart grunnlagd av fønikarene og har ferjesamband til Fastlands-Italia, Sicilia og Tunisia.

Barbariske skikkar

Båten til Sicilia går to dagar i veka. Glade og forventningsfulle traskar vi ned til hamna for å entre søndagsferja til Trapani. Den vesle kjølebagen er fylt opp med mat for dagen. Men båten er innstilt. Det er fem dagar til neste. Dei dagane skulle vi reise på Sicilia.

Det er då det sardoniske smilet dukkar opp i andleta våre. Sardonisk betyr beisk, hånleg eller krampaktig. Innbyggjarane på Sardinia praktiserte for lenge sida ei form for dødshjelp, der gamle menneske ein ikkje lenger såg nytte i, vart drepne, eller tvinga til å ta sine eigne liv. Dei døydde med eit grin etter å ha ete den sardinske giftplanten Oenanthe crocata, som gjev krampar i ansiktsmuskulaturen.

Ny von

Så langt går ikkje vi, derimot går vi på stasjonen og set oss på første og beste tog for å tenkje medan vi stirer ut på paddeflate jorde med saueflokkar. Vi trøyster oss med ei plastflaske med ein vinskvett på. Toget tek oss med til Carbonia, ein by som ifølgje Lonely Planet er ein gruveby utan sjarm eller noko som helst anna. Det er feil. Greitt, det er ingen pittoresk fiskarlandsby, men ein by bygd på 300 dagar i 1938 for å huse gruvearbeidarar. Endestasjonen er kolossal, eit overveldande døme på moderne, italiensk rasjonalisme.

Attende i Cagliari finn vi ut at det går ein båt til Civitavecchia nord for Roma i kveld. Kanskje. Derifrå kan vi ta tog sørover att til Sicilia. Billettkontoret opnar klokka 17, og vi er ute i god tid. Men det opnar ikkje. Det er ingen å spørje. Vi veit ikkje sikkert om det går båt ein gong. Korleis dette endar, kan du lese om i neste utgåve.