Jernbanemagasinet banner
Togreisen

Korsika – på sporet av eit stridig folk

Korsikanarane jublar ikkje over turismen. Dei skular på deg eller snur seg demonstrativt bort, som for å seie: kva gjer du her – i mars?

LOKALTRAFIKK: Første etappe frå Bastia til Vizzavona. delith skal heim til ein landsby i fjella. Turistane kjem først i juli.
LOKALTRAFIKK: Første etappe frå Bastia til Vizzavona. delith skal heim til ein landsby i fjella. Turistane kjem først i juli.

 Atmosfæren er så fjern frå den opne, vennlege og til tider innpåslitne Middelhavskulturen som det er råd å kome. Her er lite påtatt gjestfridom, men den ekte finst. Brikt Jensen tapte hjartet sitt til Korsika og skildrar korsikarane som «ei gåte som ingen kan rekne med å forstå». Dei er mistenksame, hemnlystne, stolte og ærekjære individualistar.

Skakaren

Det tek ei lang natt å reise med ferja frå Marseilles til Bastia, der vi hoppar på det første toget på reisa. Den smalspora jernbanen vert også kalla Blomstertoget eller Skakaren. Visst ristar det. Skyvedøra inn til togføraren fyk att og fram heile tida. Hovudlina opna i 1894 og går tvers over øya frå Bastia i nord via Ponte Leccia til hovudstaden Ajaccio i sørvest. Frå Ponte Leccia går òg ei line vestover til kystbyen Calvi. Den 13 mil lange strekninga langs austkysten frå Casamozza til Porto-Vecchio vart bomba i filler under andre verdskrigen og aldri sett i stand att. Kring 50 bruer forserer kløfter og elver i eit spjerra, opprive landskap. To av dei er teikna av sjølvaste Gustave Eiffel. Naturen er like krunglete som historia til øya. Vi har aldri før høyrd om kong Theodore til dømes. Den tyske eventyraren Theodore von Neuhoff vart krona til konge over Korsika i 1736, då han klarte å fri øya frå Genova. Men kongedømmet vart knust etter nokre månader. Vi passerer Corte, som var hovudstad den korte tida Pascal Paoli erklærte sjølvstende og skipa den første republikanske konstitusjonen i verda på Korsika. Kvinnene fekk stemmerett, og universitet i Corse vart etablert i 1763. Sjølvstendet varte frå 1755 til 1769.

 Bonifacio, siste utpost før vi hoppar vidare til Sardinia. 

Suset i skogen

Vi hoppar av på det høgste punktet. Vizzavona ligg så nær midt på øya ein kan kome. Her skal det bu kring hundre menneske, men kvar er dei? Dei få husa er enten ruinar eller lukka med lemer. Jernbanekafeen er stengd og Che Guevara heng oppunder taket saman med det korsikanske flagget – ein svart mann med panneband. Men ein altmoglegmann sel billettar, reparerer takrennene etter styrtregnet i førre veke og gjer stasjonen klar for sommarsesongen. Vi har tinga rom på U Castellu. Eit skilt peikar på ein smal sti inn i skogen. Etter tre-fire hundre meter skimtar vi eit gult hus bak trea og høyrer bildur. Sivilisasjon! Ein skogstur til Dei engelske kaskadar imponerer ikkje ein vestlending, men smeltevatnet i elva er grønt, furu- og bøkeskogen mektig og krokusen blømer. Om kvelden vert vi trollbundne av bruset. Som eit heilt hav buldrar der oppe i furukronene, som vaiar sakte, sakte.

Fråflytting, Vandrarruta GR20 passerer Vizzavona, men i mars er det mest skummelt folketomt.

Ajaccio

Dagen etter slingrar vi vidare sørvestover. Ein kvit lastebil smett framfor toget på ein av dei mange utrygde planovergangane, og togføraren fløytar iltert. Ein kraftig regnskur i førre veke har etterlate seg leire, småstein og kvistar på lina, og toget må stadig seinke farten på grunn av arbeid på lina. Endestasjonen Ajaccio er fødebyen til Napoleon. Ein fallert vektløftar går sine turar att og fram mellom rådhuset og busstasjonen og sjekkar søppelspanna. Leiter han etter sprengstoff? Her i Ajaccio sprang fleire bomber seinast i 2008, og ustabiliteten skremmer investorar. Difor kan du framleis ha kilometervis med sandstrand heilt åleine. Difor er vi dei einaste turistane blant passasjerane på bussen til Propriano og vidare til Sartène.

Korsikanaren Napoleon voks opp i denne gata i Ajacco.

Sartène

Sartène er ein liten by der vendettatradisjonen heldt seg lenge. Byen ligg, som så mange andre, i ei bratt fjellside. Det er overveldande korleis dei bygde både fem og seks etasjar, enorme volum, stein for stein. Enkelte stader er veggane berre eit framhald av sjølve berget. Hotel des Roches ligg som namnet seier heilt ute på kanten med utsikt over dalen og heilt ned til havet. Ver så god, her er nøkkelen. Ingen spørsmål om pass, ingen skjema å fylle ut. Ved Sainte Maria-kyrkja står Paoli på sokkel og ser ut over Place de la Liberation, som langsamt vert fylt opp av folk når mørkret fell på. I Sartène går det òg eit tog: påskeprosesjonen langfredag. Er det magisk? Meir ei blanding av folklore, tradisjon og turistattraksjon. Det er trongt som sæla når prosesjonen forsvinn inn i dei smale smaua, nokre er så tronge at to menneske ikkje kan passere kvarandre.

FLAUM: Mars månad var uvanleg våt med på Korsika med vasskadar og ras.

Sykkeltur

Ein må like klatreetappar for å sykle på Korsika. Eit svart villsvin stikk trynet fram frå det tette krattet langs vegen, men forsvinn like raskt. Vi vonar på ein kafe i Ortolodalen, men der møter vi berre nokre kyr, sauer og eit esel. Gardane ligg spreidde som på den norske landsbygda. Men det er meir murar, gitter, gjerde, piggtråd og hengelåsar her. Etter seks-sju timar er vi attende i Sartène, halvt ihelsvoltne. På La Chaumiere kan vi studere eit villsvinhovud på veggen og ete villsvinkjøt. Det brenn på peisen, og vi er lenge dei einaste gjestene.

– Ein gong var dette den einaste restauranten i Sartène, seier vertinna Bianchine Francoise som både står over grytene og serverer. – Så kom alle dei andre i sentrum, kopierte oppskriftene mine og tok alle gjestene. No tek eg ein dag av gongen, og jobbar som kokk på ein skule i tillegg.

Truser i storm

Det regnar og bles neste dag. Svære blomsterpotter ligg velta utanfor hotellet. Vi bergar inn klesvasken, men det manglar tre truser. To av dei finn vi att på plenen nedanfor, den siste heng vel i eit oliventre nede i dalen. Også her klagar folk over endra klima. Skogbrannar har øydelagt olivenlundane på austkysten. I år har det regna eksepsjonelt. Før var det sommar i slutten av mars. No er vi glade for ullgenserane våre, og klare for å hoppe til neste øy: Sardinia. På bussen til Bonifacio kranglar den marokkanske bussjåføren intenst med ein kvinneleg passasjer. – Du køyrer som ein idiot, skrik ho medan ein svart, høghæla sko vippar hissig i takt med ei knoklete hand som veiver i midtgangen. Sjåførhanda daskar i dashbordet, og vi oppfattar Marie le Penn og rasist frå førarsetet.

Bonifacio

Bussen stoppar ved hamna inst i ein liten fjord. Der oppe på klippen ligg gamlebyen som ein festning der dei smale gatene likevel er hærtekne av bilar. Men slik må det kanskje vere for å ta vare på eit levande bysamfunn. Likevel er byen prega av forfall, som kanskje går så langsamt at bebuarane ikkje ser det. Tvers over gata står ein vinduslem på gløtt, halden ope av ei bleik, skrukkete hand med ringar som gnistrar i morgonsola. Av og til kan vi skimte ein stor, tung øyredobb. Ho sit og gløttar ut på lyset og livet. Som om ho ikkje har vore ute på årevis. I dag går ferja til Sardinia og Santa Teresa di Gallura, der det aldri har vore jernbanestasjon, og bussen til Olbia går ikkje før om tre timar «Når det ikkje går (verken tog eller) buss dit du ska’, så kan du vel nå dit i alle fall», syng optimisten og sleng ut tommelen. Korleis det går kan du lese om i neste utgåve av Jernbanemagasinet.