Jernbanemagasinet banner
Togreisen

Tog i Sveits

I Sveits har det aula med rike og visjonære galningar som teikna og bygde jernbanar der ingen skulle tru at tog kunne gå.

Foto: Jan Ludvig Hunvebakke og Marit Bendz
Foto: Jan Ludvig Hunvebakke og Marit Bendz

I Noreg var galningane sjeldan verken rike eller visjonære på slutten av 1800-talet. Difor vart det heller ikkje bygd jernbane berre for at rike turistar skulle få nyte utsikta. Det måtte i tilfelle vere Fløibanen i Bergen, ein kabelbane som vart opna for passasjertrafikk i 1918.

Utanforland
Sveits og Noreg har mykje til felles. Fjell, isbrear og stupbratte åssider. Begge står utanfor EU. Der vi har olje, har Sveits bankar. Ein gong spela også norske budeier på lur, ein tradisjon som er teken betre vare på i Sveits.
  På 1800-talet valfarta engelsk overklasse til begge landa for å klatre og stå på ski, og herifrå kom ideen om å byggje sveitsarhotell på Vestlandet. Men det var ein stor skilnad: den gongen var Noreg eit fattig land utan adel. Det vart ikkje bygd banar som Jungfraubana i Noreg fordi landet ikkje hadde folk som Adolf Guyer-Zeller.

Ein visjon
Natt mellom 27. og 28. august 1893 er det stille på Grand Hotel Kurhaus i Mürren. Turistane søv. Men på rom 42 er det framleis lys. Adolf Guyer-Zeller får ikkje sove. Dagen før slo ein vill ide seg ned i hovudet til den suksessrike forretningsmannen. Ein tannstongjernbane opp på Jungfrau må vere mogleg. Ikkje for å binde saman viktige jernbaneliner. Ikkje for militært forsvar eller industriell nytte. Nei, ganske enkelt for å gje turistar ei unik oppleving på toppen av dei sveitsiske Alpane. Til slutt set han seg ned og skriblar ruta frå Kleine Scheidegg til Jungfraujoch ned på eit papir. Nitten år seinare er banen opp til den høgstliggjande jernbanestasjonen i Europa i full drift.

Subsidiar
  Hovudkontoret til Jungfraubahn Holding AG ligg i Interlaken i kantonen Bern. På veg frå Basel langs Thunersee, vert assosiasjonane til vestlandsfjordane overveldande. Skilnaden er at dette landskapet er mykje meir tettbygd, husa klyngar seg lenger opp etter fjellsidene. I Noreg bur det i snitt 14 menneske per kvadratkilometer, i Sveits 186.
  – Vi er eit privat selskap som vert subsidiert av staten på dei strekningane det bur folk, fortel salssjef Daniela Fuchs i Jungfraubahn Holding. Og i Sveits bur det folk nesten overalt der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Dei første banane kom i dalane allereie på 1840-talet, men først etter eit vedtak i 1852 skaut utbygginga fart.
  – Det vert nok ikkje bygd fleire slike små, rare jernbanar, alt er så strengt no med omsyn til natur og miljø, seier Fuchs.

Turistmagnet
  – Asiatane er glade berre for å sjå snø. Turistane frå Golf-statane er mest opptekne av å shoppe og bu på luksushotell i Wengen, helst ville dei vel ha kjøpt heile landsbyen, ler ho. Tsjekkarane kjem med buss, nederlendarane køyrer eigen bil medan britane flyg. Ho tykkjer det er underleg at engelskmennene, som var skipionerar her i Alpane, ikkje kan stå på ski lenger.
  – No satsar vi på Skandinavia, seier Fuchs.
  Sveits vart ikkje medlem av FN før i 2002. Det er vanskeleg å bli klok på eit land som ikkje innførte røysterett for kvinner før i 1971. Det var sikkert på ei fjellhylle her i nærleiken Heidi budde saman med bestefar sin. På turen opp til Wengen og vidare til Kleine Scheidegg passerer toget store sommarfjøs tyngde av snø, her setrar framleis bøndene om sommaren og yster ost på gamalmåten.
  Heidi er forresten vorte namnet på ei av fire tunnelboremaskiner som et seg igjennom fjellet i arbeidet med den lengste jernbanetunnelen i verda: den 57 kilometer lange Gotthard Basistunnel (GBT), som etter planen skal opne i 2016.

FAKTA: Jungfrau­jochbana

Høgdemeter: 1 393

Total lengde: 9,34 km, 80 % tunnel

Snittfart: 12,5 km/t

Brattaste parti: 25 % stigning

Lengste tunnel: 7122 meter lang. Opna 1. august 1912

Pris: 16 mill. francs

Energissytem: 3-fase 50 Hz 1125 volt

Helvetia (Confœderatio Helvetica på latin) var det romerske namnet på platåregionen i Sentral-Europa som utgjer den vestlege delen av Sveits. Helvetia vert nytta mellom anna på sveitsiske frimerke og myntar.

Draumejobb
Sarah Frenz er ein av berre tre kvinnelege togførarar på Jungfraubana. I 2012 reiste 833 tusen menneske opp til den høgste jernbanestasjonen i Europa. Hundre år tidlegare reiste nærare 43 tusen, ikkje dårleg det heller. – Vi fraktar maksimalt 5000 passasjerar i døgeret, fortel Frenz. Heile 60 prosent av dei reisande kjem no frå Asia.
  To vasskraftverk vart bygd samstundes med bana for å skaffe elektrisitet til toga – eitt i Grindelwald og eitt i Lauterbrunnen. Selskapet sel overskotskraft om natta. Men toga som går ned genererer òg straum, rettare sagt må det tre tog ned til for å dra eitt opp.
  Til saman er 300 menneske i sving berre for å sørve toget og anlegget frå Kleine Scheidegg til toppen. Det er populære jobbar, særleg fordi ein kan stå på ski heim etter avslutta arbeidsdag. Lokførarjobben krev god kunnskap om heile konstruksjonen, både det elektriske og mekaniske anlegget. Frenz har sjølv jobba fire år som handverkar på bana før ho byrja å køyre toget i fjor.

Panorama
Første stasjon er Eigergletscher, her går skifolket av. På verandaen på stasjonsrestauranten kan ein nyte sola og dolenfuglane, ramnane som er renovasjonsvesenet i Alpane.
  Resten av turen går inne i fjellet. Det er grønt lys framfor ei av dei to branndørene. Likevel seinkar Frenz farten.
  – Det er noko gale med det elektriske anlegget, det skjer ofte, og vi finn ikkje ut kor feilen ligg, seier ho. Men toget krabbar vidare på tannhjula, den siste etappen har opp til 25 prosent stigning. Så stoggar vi endeleg i den store stasjonshallen 3453 ­meter over havet.

Offentleg ansvar
Schweizerische Bundesbahnen (SBB) vart grunnlagt i 1901 gjennom nasjonalisering av dåverande store, private jernbanar. I 1999 vart det gjort om til aksjeselskap med særskilde lovreglar. Privatbanane er juridisk likestilte med SBB på dei fleste område og vert stort sett eigde kvar for seg eller i fellesskap av den føderale regjeringa, kantonane og kommunane.
  Jungfraubahn Holding AG eig også Wengernalpbahn, som går frå Lauterbrunnen via Kleine Scheidegg til Grindelwald og er den lengste tannstongbana i verda. Toga er ryggrada i den offentlege transporten i landet, som har eit av dei tettast utbygde jernbanenettverka i verda. Samstundes er Posten og bussane nær knytt til toget. Transport av menneske og varer er ei offentleg oppgåve i Sveits. Her finst det ingen postdirektiv eller krav om konkurranseutsetjing. Togførarane har alltid nokre pakkar med seg. Samarbeidet mellom det statlege SSB og alle dei små private jernbanane fungerer.
  Det er lett å reise når tog, buss og båt korresponderer. Det er ikkje som i Flåm, der passasjerar ofte opplever at bussen vidare gjekk for ti minutt sidan og det er ei æve til neste.

Eineståande og dyrt
  Det kostar skjorta å reise opp til Jungfraujoch som individuell turist, over tolv hundre kroner for ein tur frå Grindelwald til toppen av Europa og attende.
  – Denne jernbanen vil bli det ypparste blant alle eksisterande fjellbanar, no og til evig tid, sa Guyer-Celler då arbeidet med Jungfraubana starta i 1896. Åtte millionar francs skulle den koste. Men da som no hadde utgiftene ein tendens til å auke på, her dobla dei seg. Likevel – etter hundre år kan vi stadfeste at den visjonære og smågalne forretningsmannen fekk rett. Jungfraujoch er framleis den høgste jernbanestasjonen i Europa og absolutt verd ei reise. Det var sikkert på ei ­fjellhylle her i nærleiken Heidi budde saman med ­bestefar sin.