Jernbanemagasinet banner
Togreisen

Med tog i Afrika

Bli med NRKs Tomm Kristiansen på togtur i Afrika.

STASJONSMAT: Kamwala, ein lokal marknad i utkanten av Lusaka, Zambia.Foto: Ina Eirin Eliassen
STASJONSMAT: Kamwala, ein lokal marknad i utkanten av Lusaka, Zambia.Foto: Ina Eirin Eliassen

Vi tek med oss mange rare suvenirar frå reiser. Tomm Kristiansen har ei sville frå Zimbabwe i stova si på Enerhaugen. Nei da, han har ikkje stole ei brunsvidd sville av mahogni på ein av sine mange reiser i Afrika. Han har heller ikkje forvandla den til eit flott vitrineskap sjølv. Dette er genial gjenbruk.

På afrikanske skjener
For Tomm Kristiansen er det er luksus å sitte i eit stort rom, som bevegar seg gjennom bushen. Han går rundt, eter godt, leser og bli vogga i søvn av rytmen frå hjula. Natta i Afrika er svart. Men når månen lyser, ser ein akkurat nok til å fôre fantasien med eventyr.
  – I drosjen frå flyplassen køyrer du langs paradegata. Med toget kjem du sakte inn bakvegen inn til byar som Dar-es-Salaam og ser vertshuset Viagra Inn.

Upcycling
I Zimbabwe vart dei flotte svillene tekne opp og erstatta med betongsviller på åttitalet. Kreative formgjevarar tenkte at dei kunne nyttast til eitkvart og skapte ein suksessindustri i sørlege Afrika. Av dei hundre år gamle svillene produserer dei alt frå eksklusive langbord, skap og benkar til små skrin. Alt vert marknadsført som det einaste tropiske tømmeret som vert nytta utan å skade naturen.
  Mahogniskapet til Tomm vart kjøpt i 1992. Det luktar ikkje jernbane av det lenger. Men kven la ned desse svillene gjennom Tanzania og Uganda for mange år sida? Hjernen bak var Cecil John Rhodes (1853-1902), ein sjukeleg, engelsk gut som fekk hjarteinfarkt allereie som fjortenåring. Han vart sendt frå det fuktige klimaet heime til ei tante i Sør-Afrika for å kome til hektene. Det hjelpte. Vel ti år seinare var han den rik­aste mannen i verda, ein rikdom bygd på sørafrikanske naturressursar.

Frå Kapp til Kairo
Ein av dei han lurte trill rundt var kong Lobengula i kongeriket Monumatapa. Han sette tommelen sin på eit dokument han ikkje kunne lese, og dermed kom kvite settlarar, tok den beste jorda og for fram slik den kvite mann plar. Då kongen forstod sitt eige svik mot folket sitt, forsvann han inn i jungelen for aldri meir å kome attende.
  Rhodes kalla landet han hadde tuska til seg opp etter seg sjølv; Rhodesia, i dag Zimbabwe. Han tenkte at for å bli herre over Afrika måtte han byggje jernbane for å knytte kontinentet saman og transportere råvarer.
  Han var ein sann imperialist. Planen var ikkje mindre ambisiøs enn ein jernbane frå Cape Town til Kairo. Dronning Victoria var begeistra.

Indiske rallarar
Det nytta ikkje å bruke vanleg trevirke, det vart ete opp av termittar. Dermed vart det mahogni og teak det afrikanske tog skulle sveve på.
  – Afrikanarane er for late, tenkte britane og henta kuliar frå India. Dei kom med sine kokkar, handelsmenn og handverkarar. Slik kom den store indiske befolkninga til Afrika, om ikkje akkurat med toget, så på grunn av toget.
  Ved Victoriafalla måtte lina krysse den store rivna i landskapet. Brua vart konstruert i London, frakta i delar med båt til Cape Town og vidare med toget så langt skjenene gjekk. Så skrudde dei delane saman.
  Anleggsarbeidarane trong overnatting, og det vart bygd brakker med utsikt over fossen. Etter stadige utvidingar er dei i dag vorte til Victoria Falls Hotel, eit hotell i verdsklasse.

Ein klassereise
Mange har høyrd om Det Blå toget frå Cape Town til Pretoria, der ein kan liggje i badekaret og sjå landskapet fare forbi.
  – Det er overprisa og dei medreisande er narraktige turistar, utkledd som om dei var på tur med Orientekspressen. Her kjem ­koloniherrane, og det er ikkje morosamt, meiner Tomm. Han feira heller 50-årsdagen sin med den tre veker lange togreisa frå Cape Town til Kampala i Uganda på 1. klasse, ein standard godt under NSB-nivå, men med reint sengetøy og mykje sosialt liv.
  – Maten kjøpte vi på stasjonane, der kvinner hadde kome med 50 kokte egg på hov­udet, kyllingar, grønsaker og nybakt brød.

Mombasa–Nairobi, Kenya
Det er ettermiddag i Mombasa, den største hamnebyen i Kenya. På perrongen heng oppslag med namn på alle reisande. Tomm finn namnet sitt og plassnummeret.
  – Vil du ete kvelds no eller klokka ni? Det er lurast å gjere det no, i tilfelle vi går tom for mat, seier konduktøren. I restaurantvogna er det kvite dukar, mange glas og mykje bestikk. No ventar ein femrettars middag, servert av kelnerar i kvite uniformer. UR er gravert inn i det grove hotellsølvet. Uganda Railway vart nedlagt før krigen, men eksisterer framleis her i restaurantvogna. God og mett går han attende til kupeen. Fullmånen lyser opp bushen. Mellom akasietrea skimtar han ein landsby, der folk sit rundt bålet og fortel kvarandre historier.
  Neste morgon vaknar han til sjiraffar, seb­raar, gnuar og hundrevis av antiloper utanfor det same vindauget. Toget reiser gjennom nasjonalparken utanfor Nairobi. Under frukosten ser han ut på ville dyr og stråhytter, ungar på veg til skulen og kvinner med tunge ting på hovudet. Men brått er heile magien borte. Toget glir inn i den støvete gettoen i utkanten av hovudstaden. Reisa har teke 13 timar. Prisen er 250 kroner, to måltid inkludert.

«Av dei hundre år gamle svillene produserer dei alt frå eksklusive langbord, skap og benkar til små skrin. Blå toget er overprisa og dei medreisande er narraktige turistar, ­utkledd som om dei var på tur med Orientekspressen.»

Kinesarane byggjer
Men dette kjem ikkje til å vare. Før jul i fjor starta Kenya bygginga av ein ny, moderne jernbane. Den vil revolusjonere kommunikasjonen i Kenya og resten av Aust-Afrika. Kinesarane finansierer milliardprosjektet for å frakte varer inn, og ikkje minst ut. Det vert ingen ­romantikk på dei nye toga.
  – Kinesarane kjøper opp Afrika, slik dei kjøper hamner i Middelhavet, fortel Tomm. Det er skremmande. Men samstundes har kinesarane løfta Afrika. Her ser vi ein økonomisk vekst som ingen andre stader. I Etiopia har fattigdomen minka frå 60 til 29 prosent på tjue år, og sju av ti jenter går no på skule.

Tog Oslo - Cape Town
Vart planen om samanhengande jernbane frå Kapp til Kairo nokon gong realisert? Ikkje heilt. Det manglar framleis ein bit mellom Uganda og Sudan. Sjølv ikkje kinesarane tør å byggje jernbane der.
  Tomm liker afrikanarar, sjølv om ein ny, svart middelklasse oppfører seg verre enn nyrike nordmenn. Svilleskapet i stova minner han på at hans kjære Afrika er berre ei dagsreise unna. Vel og merke med fly. Ein tanke har slått han.
  – Kanskje skulle eg ein gong sette meg på toget i Oslo, reise til Palermo og ta ferja til Alexandria. Jukse litt med fly til Kampala og så reise strake sporet til Cape Town.

FAKTA

Tomm Kristiansen
(født 1950), er journalist og forfattar, særleg kjent som utanrikskorrespondent for NRK i Afrika. I 1995 fekk han Den Store Journalistprisen for arbeidet sitt.
Frå 2006 til 2008 var Kristiansen kommunikasjonsrådgjevar for president Salva Kiir Mayardit i Sør-Sudan, og dei neste to åra kommunikasjonssjef for den humanitære hjelpeorganisasjonen ACT Alliance i Genève.
I dag er han attende i NRK som utanriksmedarbeidar og programleiar i Verden på lørdag og Søndagsavisa.