Jernbanemagasinet banner
Mai 2015

Imponerande utan monogram

Mange trur nok at brua i Kleven er den ­lengste steinkvelvbrua på Bergensbanen. Men brua over Strandaelva har ei spennvidd på 42 meter, som er tolv meter lenger.

BRUA OVER STRANDAELVA   // Byggeår: 1904 //  Hvor: BergensbanenFoto: Lars Frøystein
BRUA OVER STRANDAELVA // Byggeår: 1904 // Hvor: BergensbanenFoto: Lars Frøystein

Steinkvelv er ein solid konstruksjonstype med røter i dei gamle kulturane i Egypt og Midtausten. På Bergensbanen er det mange byggverk av dette slaget, frå stikkrenner og små kulvertar til imponerande bruer med stor spennvidd. Den mest kjende er nok Kleven bru, litt vest for Hallingskeid, som ruvar i landskapet der tusenvis av rallarvegsyklistar passerer kvart år.
  Strandaelva bru ligg ved Lundarosen, ved utløpet av Lundarvatnet litt aust for Voss stasjon. Ho vart bygd i løpet av cirka to år, 1902 – 1904. Kvelven er mura i to ringar, men i kvar ende er det skote inn ein tredje ring for å gjera konstruksjonen kraftig nok. Steinen er grovkorna gneis, og teken frå eit steinbrot vest for Voss. Stillaset som måtte opp først, var også litt av eit byggverk, og materialane vart gjenbrukte på andre bruer.
  Under muringa vart det laga utsparingar for kongeleg monogram. Dette monogrammet kom aldri på plass, Kong Haakon 7. ville nok vore lite fegen på opningsturen i 1909 om «andreoscaren» (Oscar II) sitt bumerke hadde pryda brua.
  Ein laurdag morgon hausten 2007 passerte ein observant tenestemann frå JBV brua på veg til hjortejakt. Då såg han at ei kontaktleidningsmast låg ned mot sporet, og skjenegangen ved eine brukjegla hang i lause lufta. Han slo straks alarm, og fekk stogga austgåande morgonekspress like før avgang frå Voss. Dermed fekk han forhindra noko som kunne blitt ei alvorleg ulukke.