Jernbanemagasinet banner
Februar 2016

Ny veg og bane i vest

Om få år kan bygginga av ny veg og bane vere i gong mellom Voss og Bergen. Rett som det er stenges trafikken under dei trugande fjella i Vaksdal …

Foto: Tor Erik H. Mathiesen

 TRINE HELLE SIMMENES er busett ved Stanghelle i Vaksdal, der det seinast gjekk eit ras den 25. januar i år.
  «Det er nett som å vita om ein snikskyttar oppe i fjellet. Du veit aldri kva tid han angrip!» sa ho til Bergens Tidende. Geologen tek doktorgraden på dei lunefulle fjella og har fleire gonger åtvara mot den aukande risikoen fastbuande, bilistar og reisande på jernbanen er utsette for.
  Det var 120 meter over Vossebanen og E16 at ei stor steinblokk losna og delte seg i mindre delar på si ville ferd ned mot vegen og jernbanen. Ein tre kubikkmeter stor stein smadra veggen på eit naust. Eit 70 år gammalt rasoverbygg berga Vossebanen, men E16 blei stengd.
  Ti timar seinare blei denne delen av hovudvegen Bergen – Voss – Oslo vurdert å vere akkurat så trygg som den kan bli gjennom det sterkt rasutsette området og opna for trafikk igjen …

FAKTA

E16/Vossebanen

- E16 frå Voss til Bergen er hovudfartsåre inn mot Bergen frå fleire av dei viktigaste fjellovergangane aust–vest. Vegen går parallelt med Vossebanen til Arna.

- Kvart døgn passerer mellom 4000 og 15 000 bilar ulike stadar på strekninga.

- Kvart døgn passerer mellom 4000 og 15 000 bilar ulike stadar på strekninga.

- Gjennomgangstrafikken er på mellom 3500 og 4000 bilar i døgnet for heile strekninga. Mykje tungtrafikk.

- Regjeringa vil byggje ny E16 og Vossebanen i parallelle tunnelar frå Arna til Stanghelle i -første byggjetrinn.

- Totalt har E16 mellom Bergen og Voss kravd 53 menneskeliv på 20 år.

- Meir enn 150 menneske er alvorleg skada.

- Ingen har mista livet på Vossebanen etter 1945.

Julegåve
Allereie den 8. desember i fjor hadde regjeringa, med samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen i spissen, bestemt seg for å starte med skrekk-strekninga Arna-Stanghelle og bygge ny E16 og vossebane.
  – Det kom som ei høgst uventa julegåve, seier Trine Helle Simmenes til Jernbanemagasinet. Trebarnsmora bur med utsikt rett mot ras-strekninga og køyrer bil her når ho ikkje brukar lokaltoget. I sosiale media skreiv ho: «Hadde folk visst kor farleg det er å køyra på E 16, så hadde dei pissa i buksa.»
  Lars Christian Stendal, som har leia utgreiinga på oppdrag frå Samferdsledepartementet, følgjer opp:
  – Vi snakkar om veg- og jernbanesambandet mellom dei to største byane i Noreg, med ein risiko for katastrofe som er vanskeleg å forstå når du ikkje lever i det kvar dag. Det er dyktig risikostyring og litt flaks som gjer at liv ikkje har gått tapt på Bergensbanen, særleg gjennom Vaksdal, seier Stendal.
  – Inga jernbanestrekning i Noreg er betre sikra med rasoverbygg,  rasvarslingsanlegg og teknologi som kan fortelje lokførar og togleiar om ras. Men risikoen for at steinblokker frå stor høgde kan treffe eit tog eller ein buss direkte, må vi leve med heilt til Vossebanen og E16 kan gå i trygg tunnel. 
  Både E16 og Bergensbanen er stengd oftare enn før fordi geologar har vurdert at rasfaren har vore høg.

JORDRAS: I mai 2015 kjørte eit lokaltog inn i eit jordras ved Bogetunnelen i Vaksdal. Bergensbanen og E16 blei stengd. Foto: Tor Erik H. Mathiesen

Nedbør
  – Vi får stadig villare vêr. Nedbørsrekorden på over 3000 millimeter i Bergen i 2015 seier sitt.  Våren 2013 var både veg og bane stengd i nærare to veker etter fleire ras mellom Arna og Voss.
  – Når både E16 og Bergensbanen er stengde,  må varer og persontransport gå lange omvegar gjennom Hardanger, på smale rasfarlege vegar som ikkje er bygde for møtande vogntog, forklarar Stendal.
  No har han godt håp om at det vil skje noko raskt.
  Stendal har aldri sett eit større utgreiingsarbeid som har nådd så raskt fram til politisk realitetshandsaming som Arna–Voss.
  – I dialog med Vaksdal kommune er ambisjonen å starte drivinga av Arna–Stanghelle-tunnelane i 2021, seier Lars Christian Stendal til Jernbanemagasinet.

På STANGHELLE: Trine Helle Simmenes peikar mot fjellsida der det gjekk eit ras den 25. januar i år.  Ho står saman med Lars Christian Stendal, ­regional strategidirektør i Jernbaneverket, som  i rekordfart har utgreia ny veg og bane. Foto: Tor Erik H. Mathiesen

«Årets politikar»
Ordførarane Eirik Haga i Vaksdal og Hans-Erik Ringkjøb på Voss fekk gjennomslag for heilt ny jernbaneline og Europaveg mellom Arna og Voss. Det gav duoen status som «Årets Vestlands-politikar» i 2015. 
  – Her treng ein å vera uthaldande, seier dei to og legg til: 
  – Samferdsleministeren har bestått tentamen. Han valde rett konsept til rett tid. No nærmar eksamen seg. Oppgåva blir å få prosjektet inn i Nasjonal transportplan. Med pengar. Vi vil hjelpe regjeringa til suksess, proklamerer dei to.
  – Denne saka er viktig for folk. Om me ikkje får skikk på dette, er det grobotn for politikarforakt.

Det er nett som å vita om ein snikskyttar oppe i fjellet. Du veit aldri kva tid han angrip!

TRINE HELLE SIMMENES,  geolog

Skremd
I forkant av raset i januar var det kraftig frost.
  – Med påfølgjande store nedbørsmengder kan ein ha det gåande. Vatn i fjellsprekker frys til is og utvidar seg. Isen sprenger opp fjellet og bitane losnar i vatn frå kraftig plaskregn, forklarar geolog Helle Simmenes.
  Opphopinga av ras ved Stanghelle og på Boge (i Vaksdal) vart ein vekkjar. Først vart tunnelmunningen på Steganestunnelen på E16 fylt med stein. Så vart betongportalen på Stanghelletunnelen knust. Det heile toppa seg med to ras på Boge, der også jernbanen vart stengd. Siste raset kom torsdag før pinse i 2015. Dagen etter ville det ha vore pinseutfart med bilar tett i tett på vegen, minner geologen om. 
  – Eg har ikkje vore redd før, men det siste raset på Boge gjorde meg skremd. Eg fekk ikkje kontakt på mobiltelefon og var usikker på om sonen min hadde kome uskadd gjennom. Det kjendes som ei klo rundt hjartet, seier Trine Helle Simmenes tankefull.
  Frå heimen sin på Helle kan Trine sjå gamlevegen og jernbananelina på andre sida av Dalevågen. Her har hennar eigen oldefar, som var rallar på Bergensbanen, og jernbanefolka fram gjennom tida lagt ned mykje arbeid for å gjera togreisene trygge. Rassikringstiltak i mange fasongar har halde ulykkene på armlengds avstand.
  – Eg har stor respekt for arbeidet som er gjort. Tenk å knusa seg gjennom fjell for å få fram veg og bane slik dei gjorde med handemakt på 1880-talet. I dag er utfordringa å bygge noko som er trygt for all framtid.

11 milliardar å spare
Ved å bygge ny E16 og Vossebanen som eitt prosjekt, med parallelle tunnelar, sparer samfunnet 11 milliardar kroner. Likevel har Stendal vore spent på om prosjektet ville nå opp i dei politiske prioriteringane.
  – Vi la fram ei tilråding om å gå for det dyraste alternativet fordi det var det einaste som oppfylte alle krav til trygg reise, kortare reisetid og kapasitet.
  – Vi har vurdert å bygge lange dobbeltsporstrekningar der topografien ligg best til rette for dette. Konklusjonen var at det blei nesten like dyrt – utan å løyse problema. Det ville løyst rasproblema, men ikkje gitt noko køyretidsgevinst eller betre kapasitet. Vi har gått grundig inn i alternativa  og levert solid dokumentasjon for dei fem alternative løysingane på det utfordrande veg- og jernbanesambandet Voss–Arna, seier Lars Chr. Stendal.
  Fellesnemnaren for Voss–Arna og Ringeriksbanen er gevinsten ved å bygge jernbane og veg i to parallelle tunnelar. Men ikkje berre det: Med desse to prosjekta i hamn vil Bergensbanen bli noko heilt anna enn i dag.
  – I Aust-Vest-utgreiinga har vi sett på effekten av totimars-avgang på Bergensbanen. Modellane viser at 1,9 millionar vil velje toget, mot i dag 500–600 000. Med andre ord – nesten ei firedobling av passasjertalet med ei halvering av reisetida. Med timesfrekvens vil dette kunne auke med ytterlegare 25 prosent, seier Lars Christian Stendal og legg til: – Sjølv med det dårlege jernbanetilbodet mellom Oslo og Bergen i dag har tog ein marknadsdel på 20 prosent. Dette seier noko om kor høgt denne togreisa blir verdsett.

VIL HJELPE: – Vi vil hjelpe ­regjeringa til  suksess, seier ordførarane Hans-Erik Ringkjøb, Voss (t.v) og Eirik Haga, Vaksdal, begge Ap. Foto: Arne Hofseth

Denne saka er viktig for folk. Om me ikkje får skikk på dette, er det grobotn for politikarforakt.

Eirik Haga, ordførar i Vaksdal og Hans-Erik Ringkjøb, ordførar på Voss

FLEIRE RAS: Raset foran Steganes­trunnelen i 2011 er eitt av ­mange ras i Vaksdal dei siste åra. Foto: Tor Erik H. Mathiesen