Jernbanemagasinet banner
2014

På vandring skjenelangs

Erlend Garåsen går. Går og går, langs norske skjener. No har han passert 1270 kilometer.

Skjeneentusiasten: Erlend Garåsen vil fremme fotturisme og gjere stiane langs jernbanen og gamle liner kjent for alle som kan vere interesserte. Det er mykje spennande industrihistorie knytt til dei ulike linene.Foto: Marit Bendz
Skjeneentusiasten: Erlend Garåsen vil fremme fotturisme og gjere stiane langs jernbanen og gamle liner kjent for alle som kan vere interesserte. Det er mykje spennande industrihistorie knytt til dei ulike linene.Foto: Marit Bendz

Men det var framleis 4 150 kilometer norske operative og nedlagde togspor att, som han ikkje hadde gått langs. Denne dagen har han peika seg ut Moelv–Hamar, ein høveleg dagsmarsj på tre mil. Ofte er vener og kollegaer med. Ukjende som har kome over nettsida «Skinnelangs» har meldt si interesse. Men i dag tek han toget åleine frå Oslo til Moelv. I skulderveska har han niste, termos med kaffi, eit utprenta googlekart, saft og Farris.

Sosialt: Det er alltid nokon som vil slå av ein prat. Her nærmar Garåsen seg Hamar.

Historier
Junidagen er full av sol og fuglekvitter. Det er lett å finne vegen ut av sentrum i Moelv. Eit lite stykke kan han følgje ein gang- og sykkelveg, men snart er han ute på landevegen. Nokre hundre meter med snarveg inn i skogen er god avveksling frå asfalten. Stadig stoppar han opp for å fotografere. Ei gammal løe. Eit enormt fjøs. Sia finn han ut at den store garden har historie attende til sagatida, og at det er mange helleristingar i nærleiken.
  Syklistsvermar i kondomdrakter passerer rett som det er. Ved Ringsaker kyrkje svermar turistar inn i bussen sin att. Vandraren ser ut som ein helt vanleg, veltrena mann om morgonen. Om kvelden er beina som tømmerstokkar. Før han legg seg, må han bandasjere dei for å presse lymfevæska attende, den som samlar seg opp i beina på grunn av lymfeødem. Det har han måtta leve med sidan ein kreftoperasjon i 2010.

«Vandring ­skjenelangs set i gang mentale prosessar.»


«Skinnelangs»

Det heile starta i 2011, etter vandring frå Haugastøl til Finse. Då han tok toget tilbake, kunne han i ein halv time sjå grusvegen han nettopp hadde gått i sju timar. Det var så fascinerande at han der og da fekk ideen om å gå kvar minste meter langs Bergensbanen. Men kvifor stoppe der? Sommaren 2012 byrja han å utvikle ein blogg med arbeidstittel «Rusle Oslo – Bergen». Så endra han heile konseptet. Nettsida «Skinne­langs» vart lansert i påska 2014, med tilhøyrande side på Facebook. Her legg han ut foto og turskildringar frå alle vandringane sine.
  Det er mykje asfalt mellom Moelv og Brumunddal, han har ikkje funne nokon alternative småvegar. På ein bensinstasjon i utkanten av Brumunddal skeier han ut med ein is og to flasker Farris & Juice med mango før nistepakka vert fortært; tre knekkebrød med kvitost.
  Vatn fungerer ikkje, kroppen treng både sukker og salt. Han tek ein svipptur og fotosesjon innom Brumunddal stasjon før GPS-en hjelper han å finne veg­en vidare sørover.

Gå seg bort: Det skjer av og til at stiane Garåsen følgjer forsvinn og han må snu eller trakke sin eigen.

Fysisk fostring
Han plar før­ebu seg grundig. Google Maps og www.ut.no vert supplert med www.norgeskart.no. I boka «Glemte spor» finn han oversikt over alle dei nedlagde jernbanestrekningane. Stasjonsdatabasen til Norsk Jernbaneklubb hjelper han med å finne nedlagde stasjonar langs ruta. Difor veit han at her låg ein gong Strandvik haldeplass. I dag finst det ikkje spor etter den.
  Han har sjølv fått ein stor vinst av vandringane. Det høge blodtrykket har vorte normalt, kvilepulsen er låg og han søv betre. Difor prøver han å overtyde alle han møter om det gen­iale i å vandre skjenelangs. Det er fint med turselskap, men når han går åleine, får han tid til å tenkje, til å finne løysingar på problem både heime og på jobb. Vandring skjenelangs set i gang mentale prosessar.
  Etter nokre timar eit godt stykke frå togsporet kjem han fram til Jessnes stasjon. Her går det ein veg ned til stranda, der ein triveleg grusveg slynger seg langs kanten av Mjøsa heile ­vegen til Jernbanemuseet, Domkirkeodden og til Hamar sentrum. Dette er eit ynda tur­område, og brått er han ikkje åleine lenger. Folk badar og solar seg i vasskanten, dei syklar og joggar og går tur med hundar av alle typar og storleikar. Ein leiken kar på sykkel med vogn, lasta med fleire ulike typar modellfly, har røykepause ved nokre store, rusta siloar ved jernbanelina.
  – Nedlagde atomkraftverk, seier han.
  – Ikkje tull da, kva har det vore?
  – Det er sant. Pass deg for strålefaren. Nei da. Det har vore kalkverk her. Det vert fleire folk på turstien. Erlend Garåsen nærmar seg Jernbanemuseet, eit verdig mål for ein som går skjenelangs.

Den glade vandrar: Hobbyfotografen finn stadig interessante motiv langs skjenene.