Jernbanemagasinet banner
2014

Frå skjener til sykkelsti

Frå 2016 kan du sykle i eit nedlagt jernbanespor. Nei, ikkje på dresin.

NY TRASÉ: No er det igjen mogleg å sykle Mjøstråkk/Sykkelrute 7 også på austsida av Mjøsa. I bakgrunnen E6-utbyggingaav Fellesprosjektet. Ny jernbanetrasé kjem på nedsida av vegen ved kanten av Mjøsa eller i tunnel.Foto: Bjørn Kvaal
NY TRASÉ: No er det igjen mogleg å sykle Mjøstråkk/Sykkelrute 7 også på austsida av Mjøsa. I bakgrunnen E6-utbyggingaav Fellesprosjektet. Ny jernbanetrasé kjem på nedsida av vegen ved kanten av Mjøsa eller i tunnel.Foto: Bjørn Kvaal

Sommaren 2012 vart ein del av Mjøstråkk stengd på austsida av Mjøsa som følgje av utbygginga av dobbeltspora jernbane og firefelts E6. Det mangla berre nokre hundre meter med turvegen over «skauen» på kommunegrensa mellom Eidsvoll og Stange for å få ei samanhengande sykkelrute. Dette sambandet vart opna 12. juni i år. Dermed går ein fin sykkeltrasé på småvegar frå Østsidevegen sør for Minnesund og heilt fram til Espa og Tangen.
  Samstundes vart det nye Mjøstråkk-kartet lansert. Kartet er eit samarbeid mellom Statens vegvesen og fylkeskommunane Hedmark, Oppland og Akershus.
  Nye Mjøstråkk vert bygd i den gamle traséen til Dovrebanen og skal vere ferdig om to år. Eidsvoll allmenning har bygd «the missing link», medan Jernbaneverket og Statens vegvesen, som saman utgjer Fellesprosjektet E6-Dovrebanen, har delt på utgiftene på 540 000 kroner.
  Fellesprosjektet skal også bygge Mjøs­tråkk/­Nasjonal sykkelrute 7 langs Mjøsa. Ettersom denne i all hovudsak skal gå i nedlagd jernbanetrasé, vil denne ruta ikkje opne før i 2016. Men då vil syklistane ha to alternative trasear å velje mellom langs Mjøsa.

MJØSA: Ikkje ein Vestlandsfjord, men Mjøsa. I bakgrunnen Feiring og vestsida av Mjøsa. Heile sykkelruta rundt Mjøsa er 25 mil lang. Delar av turen kan godt gjerast med Skibladner eller sykkelbåten Besta.

Skilt
Kommunikasjonsrådgjevar Einar Søberg ved Statens vegvesen har registrert at folk framleis syklar på E6 i staden for den mellombelse sykkelvegen. Det gjeld både turistar og kondomtrakkarane.
  – Men det vert det nok slutt på når den firefelts motorvegen opnar i desember med fartsgrense på 100 km/t. Der ville iallfall ikkje eg ha sykla, seier Søberg, som innrømmer at skiltinga har vore for dårleg. Mellom anna vart ikkje skilta med at Mjøstråkk er stengd fjerna før etter fellesferien.
  Den 25 mil lange sykkelruta rundt Mjøsa følgjer nasjonal sykkelvegrute nr. 7 på austsida. Kartet dekkjer eit område frå Oslo Lufthavn Gardermoen i sør til Lillehammer i nord.
  Det vert mogleg å kombinere sykkelturen med Skibladner og med sykkelbåten Besta. Og ikkje minst – med tog på delar av strekninga. Så mange ulike alternativ gjer at alle kan finne ein tur som passar, både tursyklistar, treningssyklistar, barnefamiliar og dei som knapt har sete på ein sykkel tidlegare.

«Så mange alternativ gjer at alle kan finne ein tur som passar.»

Utleige av syklar
Garva sykkeljournalister har gjeve gode tilbakemeldingar på Mjøstråkk-kartet. Kartografien, symbola, flatene, linene, fargane og teksten som vert nytta for å presentere terrenget, er flotte, diskrete og delikate. Det er òg positive kommentarar på at det et teke med avstandar, og at det er oppgitt høgdemeter over havet på delar av strekninga. I tillegg er det også merkt på kartet om det er grus- eller asfaltdekke.
  – I tillegg skal vi til hausten halde fram med samarbeidet om sykkelutleige, fortel Bente Fekene i Hamar-regionen Reiseliv BA. Det er allereie utleige på Lillehammer, Gjøvik og Hamar.
  – Vi ønskjer å koordinere utleiga. Planen er at vi skal lage aktivitetspakkar for sykkelturistar som omfattar sykkelturar, overnatting, matservering og aktivitetar.

FAKTA

Mjøstråkk

  • Ny sykkelveg rundt Mjøsa
  • Om to år vil syklistar ha to alternativ for Mjøstråkk/Sykkelrute 7 på austsida av Mjøsa.
  • 250 kilometer lang sykkelruta rundt Mjøsa
  • Pris: 540 000 kroner.
  • Mjøstråkk kan kombinerast med: Toget, Skibladner og Sykkelbåten «Besta»