Jernbanemagasinet banner
2013

Våghalsane i Ørneberget

Der berre ørnene vanlegvis torer, heng anleggsfolk i stroppar og jonglerer med minebor og sikringsboltar for å få Bergensbanen opna på rekordtid.

Foto: Arne Hofseth
Foto: Arne Hofseth

– Vi fann fast fjell i større omfang enn vi frykta og brukte kumringar som forskaling. Det er viktigaste grunnen til at reparasjonsarbeidet gjekk så raskt unna, seier Jernbaneverket sin prosjektleiar Karl Morten Undal.
  – I tillegg til fantastisk samarbeid og stå-på-vilje mellom våre eigne folk og innleigde konsulentar og entreprenørane Mesta og Spilde, legg han til. Sannsynlegvis sparte dei minst to dagar med forskaling og jernbinding. Ferdigbetong kunne fyllast rett i prefabrikkerte kloakkummar. Dei står på komprimert masse og kan i tillegg forankrast til fast fjell ved å bora tvers gjennom dei.

Solid tørrmur
– Slik forankring treng vi ikkje gjennomføra no. Multckonsult seier at ein betongmur på toppen, for å halda rekka av kummar saman, er nok. Denne konstruksjonen er sterkare enn den som var her før, og som stod stødig i meir enn 100 år.
  – Det er imponerande kva rallarar og ingeniørar fekk til med enkle middel rundt 1900, seier Erling Monrad Nesbø, Jernbaneverket sin byggjeleiar mot innleigde entreprenørar. I Ørneberget var ikkje fjellhylla brei nok til jernbane og måtte supplerast med ein tørrmur mot den stupbratte urda nedanfor.
  – Rallarane visste kva dei gjorde. Tørrmuren kunne stått i hundre år til, hadde ikkje 200 tonn fjellblokker kome styrtande ovanfrå, seier Nesbø.

Spektakulært
Den spenstigaste jobben hadde fjellklatrarane frå Mesta. Fjellet ovanfor jernbanelina måtte sikrast mot nye steinsprang. Først vart oppsprukke fjell på oversida av sleppunktet bolta fast. Dermed kunne dei reinska lause steinar i utrasingsområdet utan å få steinar i hovudet der dei hang i lause lufta, høgt over jernbanelina. Til sist bolta dei fast blokker som var for store til å pirka laus med spett.
  – Vi endeforankrar opp til seks meter lange boltar med polyester, så får dei eventuelt gysa seinare, seier klatrebas Anders Flæte, før han tek 24 timars helg heime i Lærdal, med to fødselsdagar og litt søvn på programmet. Avløysarar er kalla inn frå ein jobb i Årdal, der Jernbaneverket garanterer for eventuell dagmulkt. For lekfolk: Polyesterpatron inneheld to-komponent masse som limer dei inste 40 centimeter av jernbolten til fjellet i løpet av 20 sekund. Gysing er å fylla opp resten av boreholet med ei blanding av sement og vatn, slik at bolten blir låst til fjellet i full lengde.

Traust
Karane i klatretaua har prioritet i dagslyset, men folka frå Spilde og Jernbaneverket nyttar kvart høve til å førebu seg på sine nattlege syslar. Restar av øydelagd skjenegang og snøoverbygg vert fjerna, byggegrop graven, kablar spleisa, pukk påfylt, ny skjenegang lagd og laska saman på gamlemåten. Sveising av skinneskøytar får venta til trafikken er i gang, innimellom passerande tog. Siste døgeret før opning er det folksamt på anleggsområdet. Alle dei andre må gjera seg ferdige før karane på svillepakkemaskina slepp til. Dei rår grunnen åleine med presisjonsarbeidet.
  Sist kjem elektrikarane på LM-vogna, utkalla med frammøte i Lokstallen på Voss ved midnatt. Tolv timar seinare er ny køyreleidning på plass. Ein brytar på Myrdal skaper seg vrang og må koplast inn manuelt. Klokka 13.05 blir det meldt klar bane, og tog 61 kan passera 20 minutt etter ruta.

Kryssingsspor
– Godstrafikken er hardast råka. Det er trasig om mykje av godset skal hamna på vegen etter ein slik stopp i togtrafikken, seier Bjørn Løne, bas for linebyggjarane.
  – Kanskje bør det planlagde kryssingsporet ved Vieren–Upsete flyttast ned hit, seier Ole Erik Allmenningen, fagleg leiar bane.
  – Då kan godstog køyra i tunnel inne i fjellet, medan passasjerar kan nyta utsynet frå Ørneberget i fint vêr. Snøskreda ved Upsete får vi kontroll på med snøskjerm og nyvinningar. Vanlegvis kan rundt 20 meter jernbane reparerast på langt kortare tid enn ei veke. På den smale fjellhylla i Ørneberget er det ei bragd.