Jernbanemagasinet banner
Møte med

Skifter beite

Han fikk jernbane inn med morsmjølka, John-Ragnar Aarset, no generalsekretær i Høgre.

«Eg trivst blant folk som trur på noko utover sin eigen eksistens.» Foto: Brian Cliff Olguin

Med oppvekst på Geilo kom erkjenninga tidleg om at jernbane er viktig.

– Ein får det inn med morsmjølka. Alle veit at Bergensbanen er grunnlaget for eksistensen i fjellbygda. Med toget kom Dr. Holms og alle dei andre hotella som har gjort bygda til ein internasjonal skimetropol, seier han og legg til at god infrastruktur byggjer samfunn.
  Gjennom oppveksten på farsgarden, som har vore i slekta sidan 1730, var det stadig snakk om tog og jernbanepolitikk. Mormora vaks opp i vaktarbustaden mellom Ustaoset og Haugastøl der oldefaren var banemeister. Ein av grandonklane hans på den sida mista livet då han blei ihelkøyrd av toget. Morslekta kom over frå fjellet frå områda mellom Voss og Arna, så der er det mykje jernbaneblod i årane. Faren er halling, offentleg funksjonær og hobbybonde.

Jernbanepolitikaren
Samferdsel har alltid vore viktig for John-Ragnar Aarset – som politikar i Hol kommunestyre, utsending til Buskerud fylkesting og vara på Stortinget. Legg ein til at han var med og skreiv kommunikasjonsstrategien for InterCity (som rådgjevar i PR-byrået Gambit, på vegne av dei åtte austlandsfylka) og jobba som dagleg leiar for Forum Nye Bergensbanen i tida etter, er det ikkje til å undre seg over at folk spør seg kvifor det skjedde så mykje på jernbanen då han blei statssekretær i Samferdselsdepartementet  i 2013. Likevel kjøper han ikkje utan vidare den hypotesen. Rett nok vedkjenner han seg sin eigen CV, men han vil ikkje ta æra verken for Ringeriksbana eller den varsla KVU’en som gjeld Bergen–Voss, og som betyr milliardar av statlege kroner til jernbane i Hordaland. Konsekvensen av desse to store prosjekta betyr i sum ei innkorting av reisetida mellom Oslo og Bergen til i overkant av fire timar. Frå Geilo blir det dermed kortare anten ein skal austover eller vestover.
  – Eg har ikkje lyst til å framheva mi eiga rolle i dette. Men det eg kan seie, er at av og til blir tida overmoden for prosjekt av dette slaget, svarer han kledeleg.
 PÅ BANEN: Hallingen John-Ragnar Aarset, som er ny generalsekretær i Høgre, har jobba mykje med jernbane dei siste åra. Foto: Brian Cliff Olguin

Ringeriksbanen
I august i fjor kom meldinga om at regjeringa vil bruke 26 milliardar på ringeriksbane mellom Sandvika og Hønefoss – og ny E16 som skal gå parallelt med bana. Under pressekonferansen på Sundvolden ved Tyrifjorden stilte statsminister Erna Solberg (H), finansminister Siv Jensen (Frp), KrF-leiar Knut-Arild Hareide og Venstre-leiar Trine Skei-Grande saman med samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) opp til både fotografering og kake. Der fortalte topp-politikarane at bygginga etter planen skal starte  i 2019, og vere ferdig i 2024.
  I desember kom så varsel om at samferdselsministeren vil ha fortgang i planlegging av veg og jernbane mellom Arna og Bergen, som kan bety byggestart i 2021 eller før. Prislapp: 33 milliardar 2015-kroner. Alt medan Aarset hadde ansvar for regjeringa si satsing på tog som statssekretær i Samferdselsdepartementet. Men igjen tonar han ned si eiga rolle:
  – Då eg jobba i Gambit, var ein av kollegaene mine tidlegare stortingsrepresentant Trond Jensrud (Ap) frå Ringerike. Han viste meg VG-utklipp frå 1950 og 60-talet der avisa slo fast at no skjer det, dette er framtida, no kjem Ringeriksbanen. Som vi veit skjedde ikkje det. Poenget er at denne banestrekninga har ein diskutert lenge utan at noko konkret har skjedd. Allereie i planane frå opninga av Bergensbana i 1909 var Ringeriksbanen nemnt. Når bygginga no skjer i vår tid, er det fordi tida er overmoden.
 RÅDGJEVAR: Høgreleiar Erna Solberg og presserådgjevar John-Ragnar Aarset på veg til Stord under valkampen hausten 2005. Foto: Rolf Jarle Ødegaard

Generalsekretæren
Som ein forstår, peikar mykje av satsinga regjeringa har gjort på tog, mot statssekretær Aarset i Samferdselsdepartementet, som før jul blei tilsett som generalsekretær i eitt av regjeringspartia. Jobben blei han oppmoda til å søkje, og eit nærare blikk på CV’en avslører interessante samanhengar.

  Seint på 1990-talet var han leiar for det som heiter Unge Høgres Landsforbund før han i åra etter var pressesjef for Høgres stortingsgruppe. Under Bondevik-regjeringa arbeidde han som rådgjevar for kommunal- og regionalminister Erna Solberg, som på den tida blei valt til ny leiar i Høgre.
  Etter at dei raudgrøne vann valet i 2005, følgde han med partileiaren til Stortinget der han arbeidde som rådgivar for Erna med ansvar for kommunikasjon og strategi. Han har hatt eit profesjonelt og godt forhold til Erna Solberg dei siste ti åra, og kjent ho sidan ho blei partileiar for snart 14 år sidan. For ein politikar som er opptatt av ein såpass kapitalkrevjande sektor som jernbane, er det sjølvsagt ein monaleg fordel å ha statsministerens øyre, som det heiter.
  John-Ragnar Aarset er ein jordnær politikar i skulen etter Erling Norvik, som var ei sentral kraft bak høgrebølgja på 1980-talet. I Gambit hadde han også ansvar for det populære Washington-seminaret, som er eit tilbod til journalister, politikarar, kommunikasjonsfolk og organisasjonsmenneske som vil lære meir om det amerikanske politiske systemet. Ansvaret medførte mange turar til den amerikanske hovudstaden.

Familiefar og idealist
Men det er familien som betyr mest for den nybakte generalsekretæren. Sonen på seks er ein habil togkjennar.
  – Eg hugsar ein gong vi stod på Hønefoss på veg oppover i dalen. Sonen min var tre år. Han peikte ut vindauget, og sa: Sjå pappa, der står eit skiftelok. Og det gjorde det faktisk.
  John-Ragnar Aarset reknar seg framleis som idealist, sjølv etter mange år i topp-politikken.
  – Ja, det er det som er så flott med den norske politiske kulturen, at den er tufta på idealisme. Folk går ned fleire hundre tusen kroner i lønn for å ta eit politisk verv.
Eg trivst blant folk som trur på noko utover sin eigen eksistens, seier han.

FAKTA

John-Ragnar Aarset

Stilling Generalsekretær i Høgre

Fødd 1973 på Geilo

Bur Oslo

Sivilstand Gift

3 kjappe

Viktig hending: Våren 1994 opplevde eg ei avsporing mellom Ål og Geilo. Fekk tatt spenntak i setet framfor meg, og kika ut. Moldspruten stod, og det tok ei æve før toget stoppa på kanten av ein bratt skråning. 

Likar: Vi har eit fiskevatn på garden i Hallingdal. Der likar eg å fiske. Så spelte eg trommer i mange år. Faktisk så mykje at eg vurderte å bli profesjonell musikar.

Glede:
 Å ha det kjekt med familien gir glede. Vi har to barn. Ein gut og ei jente.